Litlabø barnehage blir nedlagt til neste haust. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Politikarane vedtok i dag å støtte rådmannen i å legge ned Litlabø barnehage og ei avdeling ved Skogatufto barnehage.

– Me har store utfordringar med for høge overføringar til dei private barnehagane. Difor må me drive dei kommunale barnehagane smartare, seier leiar i oppvekst- og utdanning-komiteen Torbjørn Brosvik (KrF).

Det er bakgrunnen for at koalisjonen støtta rådmannen sitt forslag om å rasjonalisere drifta av dei kommunale barnehagane.

– Må ta grep

Dette omfattar ei nedlegging av Litlabø-avdelinga av Sagvåg og Litlabø barnehage frå hausten, og nedlegging av éi avdeling ved Skogatufto barnehage i Leirvik.

– No må me ta nokre grep. I første omgang medfører det nedlegging av avdelinga på Litlabø, sa Brosvik.

- Annonse -

Vil ha ny barnehage

Likevel er politikarane klare på at auka barnehagedekning i bydel Sagvåg/Litlabø vil bli prioritert dei neste åra.

– Me held fast på at neste store barnehageutbygging skal skje i Sagvåg/Litlabø, seier Brosvik. Moglege tomter for dette vil kome fram i kommunedelplanen for Sagvåg/Litlabø som kjem til neste år.

Brosvik seier at han ser for seg at det bør vere mogleg å selje barnehagen dersom det er private interessentar.

Opnar for privat drift

– Me er ikkje sikker på at det beste for bydelen at den utan vidare vert seld, men me er samde i at me må ta ein vurdering om den framtidige bruken av bygget.

Høgre og Framstegspartiet fremja eit forslag om at barnehagen skal seljast til nokre som vil drive privat barnehagen, men dette blei nedstemt.

I staden vedtok politikarane at rådmannen skal fremje ei sak om framtidig disponering av bygget. I dette forslaget ligg det at det er opning for private eller individuelle som vil drive barnehagen.

Eit fleirtal av politikarane vedtok elles eit 2018-budsjett som i hovudsak var det same som koalisjonen fremja på førehand.

- Annonse -