Illustrasjonsfoto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

Bålbrenning kom ut av kontroll ved Grindheimsvegen ved Mosterhamn. Ein bil har blitt skada i brannen.

Klokka 13.37 onsdag fekk politiet melding om bålbrenning ved Mosterhamn på Bømlo, der bålet var komen ut av kontroll.

– Det er fare for spreiing til bygningar, skreiv Politiet i Sør-Vest på Twitter få minutt seinare.

Operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Jostein Reistad, seier til Stord24 i 13.50-tida at den første politipatruljen nettopp har kome til staden.

– Situasjonen er litt uoversiktleg. Eg har ikkje fått så mange tilbakemeldingar om kva som eventuelt er skada. Me håper at me snart har kontroll på vedkomande som er mistenkt for å ha tent på, seier Reistad.

Kvinne mistenkt

Kort tid seinare melder politiet at dei har kontroll på brannen, og at dei har teke kontroll på ei kvinne i 40-åra som var på staden.

- Annonse -

– Ho er mistenkt for eldpåsetting og trugslar mot brannvesenet. Me startar no undersøkingar for å kartlegge kva som har skjedd.

Reistad seier til Stord24 at det førebels er uklart kva som er bakgrunnen for hendinga.

– Me er no i gang med å gjera undersøkingar for å finna ut kva som har skjedd, og for å sjå om det er vitne som har sett kva som har skjedd. Me må få snakka med ho for å finna ut kva bakgrunnen var.

– Det er for tidleg å seia om ho tente på med vilje eller om dette var eit bål som kom ut av kontroll. Det blir berre spekulasjon, seier operasjonsleiaren.

Han ønskjer ikkje å gå nærmare inn i kva slags trugslar kvinna er mistenkt for.

Det skal ikkje vera skade på bygningar i samband med brannen, men ein bil har blitt skada, opplyser politiet.

Saka blir oppdatert.