Foto: MARITA AAREKOL/Bergens Tidende
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet var eigentleg ferdig med etterforskinga av eitt av dei to dødsfalla som skjedde i ei badstove i Sveio, der Thea Mannsee har hatt status som drapsmistenkt. 

Det er godt over eitt år sidan dødsfallet skjedde. I august uttalte politiet at dei hadde gjort seg ferdige med etterforskinga, og var klare til å sende saka til statsadvokaten som eventuet skal ta ut tiltale.

Men no viser det seg at Mannsee på vente endå lenger på ei avklaring på om ho vil bli tiltalt for drap eller ikkje.

– Hårreisande

Politiadvokat Marte Engesli Lysaker seier til Bergens Tidende at ho returnerte saka til etterforskingsavdelinga for å få saka betre undersøkt.

– Eg ønskjer ikkje å kommentere kva slags etterforskingssteg me ønskjer å ta, seier Lysaker til Stord24.

Patrick Lundevall-Unger er advokaten til kvinna. Foto: Avocado advokater

Opplysninga om at det går endå lenger tid får forsvararen til den drapsmistenkte kvinna, Patrick Lundevall-Unger, til å reagere.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er urovekkande at eg ikkje får beskjed om slike avgjersler. At eg må få vite dette via media er hårreisande. Meir kan eg ikkje seie på noverande tidspunkt fordi eg blei tatt på senga her, seier forsvararen.

- Annonse -

– Grundig etterforsking må vere styrande

Politiadvokat Lysaker svarar slik på kritikken frå forsvararen:

– Det går ikkje noko automatisk varsel til ein forsvarar når ei sak vert oversendt til ein påtaleansvarleg. Det som er viktig for oss er å gjennomføre ei grundig etterforsking i saka. Det må vere det styrande.

Lundevall-Unger har ei rekkje gonger kritisert politiet for å ha brukt svært lang tid i saka. Politiadvokaten deler ikkje den oppfatninga.

– Eg er nok ikkje samd i at dette har teke så veldig lang tid når ein ser på saka. Det er ei komplisert sak, det har vore gjennomført etterforsking i utlandet, og me har også andre prioriterte saker. I den totalvurderinga er eg ikkje einig i den skildringa.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -