- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) set ein stoppar for Øyvind Halleraker sitt forslag om å utvide bompengeperioden.

Rett etter nyttår kom dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker, med eit forslag om å utvide bompengetida på Hordfast for å få prosjektet snarare på plass.

Halleraker ville opna for å utvide bompengeperioden til 40 år, mot 20 år som er regelen i dag.

Men tysdag uttalte samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) til Bergens Tidende, då han tok ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg, at ønsket til Halleraker er uaktuelt.

– Me har eit regelverk i Norge på at bompengeinnkrevjinga er på 20 år, og eg ser ikkje nokon grunn til å fråvike det. Eg synest det er kreativt at ein ser på andre måtar for forsert framdrift, men å utvide det til 40 år ser eg ikkje på som aktuelt.

– For meg sit dette langt inne. Det er også signalisert til Statens Vegvesen at 40 års bompengeperiode er i strid med all regelverk, seier han til BT.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dale er dermed på kollisjonskurs med Høgre sin samferdselspolitiske talsperson, Helge Orten. Han uttalte nyleg at han var positiv til å auke bompengeperioden på samferdselsprosjekt

Men det er ikkje berre Halleraker som har kome med forslag om 40 års bompengeinnkrevjing. Det gjorde også Kjell Fylkesnes, som er blant pådrivarane for «Sunnfast», som skal vere fastlandssamband mellom Tysnes, Huglo og Kvinnherad.

– Det vil bety at me kan få 2 milliardar kroner i ferjeavløysingsmidlar i staden for 1 milliard, sa Fylkesnes.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -