Foto: Googe
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Dersom ei avvikling av Vidsteentunet blir vedtatt vil me bli sett tilbake til start, skriv velforeningane til Vidsteentunet og Sæbø gard.

Av: Harald Almås, leiar i Venner av Sæbø gard
og Sølvi Nygård, leiar i Vidsteentunet Ve og Vel

Me i velforeininga ved Vidsteentunet Aktivitetssenter og Venner av Sæbø har forståing for at det er ein utfordrande jobb de som politikarar står ovanfor, i samband med budsjettarbeidet for 2019. Me vil likevel gje uttrykk for bekymring dersom tiltaka som er foreslått innan Eining for habilitering vert gjennomført.

Me vil i denne uttalen vektlegge konsekvensar ved avvikling av Vidsteentunet, men tenker det er hjerteskjerande dersom Saghaugen ikkje lenger skal få vere heimen til dei
seks som bur der … fleire av dei i 27 år.

Som å rive opp ein familie

Det blir som å rive opp ein familie. Eining for habilitering gje tilbod til personar med omfattande bistandsbehov. Felles er at dei har utviklingshemming … i ulik grad. I
tillegg veit me det er brukarar som samtidig har andre funksjonsnedsettingar, som gje vel så store utfordringar i kvardagen deira, som dei kognitive.

Det handlar om autisme, ulike sansehemmingar (fleire har store synsvanskar, eller er blinde), det handlar om fysiske funksjonsvanskar, tvangshandlingar og andre utfordringar i forhold til psykisk helse. Eininga gje tenester til personar med eit svært variert
bistandsbehov.

- Annonse -
- Annonse -

Mange fungerer godt i nær samhandling med andre, men langt frå alle. Rådmannen skriv at tenestene i Eining for Habilitering har hatt stor kostnadsvekst og at det vil bli utfordrande i høve å gje tenester til nye brukarar. Årsaken til kostnadsveksten kjem ikkje fram i budsjettframlegget, men me er frå før informert om særs stort sjukefråvær i eininga, samanlikna med andre einingar.

Flytting kan innebere uro, stress og konfliktar

Rådmannen foreslår å avvikle Vidsteentunet, når det nye bygget står ferdig på Sæbø gard. Han skriv at dette vil føre til ei kraftig fortetting og redusere kapasitetsveksten i åra som kjem.

Når fleire av dei som er på Vidsteeentunet i dag, får eit nytt tilbod i nybygget på Sæbø, vil det bli kapasitet til å ta imot nye brukarar på Vidsteentunet. Brukarar som anten ønskjer eit sentrumsnært tilbod, eller av ulike grunnar har behov for å vere i eit meir avgrensa miljø.

Det blir vanskeleg å ta omsyn til brukarar med behov for særskild tilrettelegging, dersom alle skal samlast i det nye bygget på Sæbø gard. For enkelte kan det innebere uro, stress, auka konfliktar og risiko for utagerande åtferd, med dei uheldige konsekvensande det
igjen kan få for andre.

Arbeidssituasjonen vil også bli vanskeleg for tilsette med ei «kraftig fortetting». Ein lyt då gje tenester til personar med svært ulike interesser og behov innan eit svært avgrensa område. Nybygget på Sæbø er ikkje utforma med mindre basar, for personar med behov
for å vere i eit meir skjerma miljø. Bygget er på mange måtar flott og godt tilrettelagt, men er ikkje utforma og bygd for at alle skal ha eit tilbod der.

- Annonse -

Redusert tilbod

Dersom ei avvikling av Vidsteentunet blir vedtatt og ein mister tilgang på rundt 10-15 plassar der, vil ein ikkje oppnå vekst i kapasitet. Me blir sett tilbake til start.

Blir forslaga likevel gjennomført, kan utfallet bli at eksisterande brukarar får eit redusert tilbod. Behov for tenester i heimen vil i så fall auke. Det kan bli utfordrande for tilsette, dersom ikkje rammene samtidig vert endra.

Me tenker det er viktig med eit sentrumsnært tilbod, slik at også dei med utviklingshemming er synleg i samfunnet og ikkje blir samla innanfor eit avgrensa geografisk område. Den tida bør vere tilbakelagt. Vidsteentunet ligg i gangavstand til sentrum, slik at brukarane har lett for å komme seg til og frå ulike aktivitetar og
arrangement, med mindre dei har utfordringar i forhold til fysisk helse.

Skal aldri seljast

Tomta som Vidsteentunet ligg på vart i sin tid gitt til Stord kommune til sjukehus. I
testamentet står det at:

«Eiendommen eller nogen del av samme skal aldrig kunne selges eller benyttes til andet øiemed end det ovennævente.»

I 1972 vart fødestova Dr. Vidsteens Minde avløyst av ei ny fødeavdeling ved Fylkessjukehuset på Stord og Vidsteentunet dagheim og skule etablert på eigedomen (i 1973). I 1993 blei dei to husa erstatta med bygget me har i dag.

Velforeiningane ved Vidsteentunet og Sæbø gard vil be politikarane om ikkje å avvikle Vidsteentunet, men gje avdelinga «Arbeid/aktivitet» høve til å gjennomføre dei planane som ligg føre. Det vil vere ei god investering med omsyn til både eksisterande og framtidige brukarar. Me er dessutan sikre på at det vil bidra til eit betre arbeidsmiljø for tilsette, som allereie har store utfordringar i arbeidskvardagen sin.

Mister me dei 10-15 plassane det ligg til rette for på Vidsteentunet, vert det som å gå eit steg fram og to tilbake.

- Annonse -