Amram Hadida, klubbleiar Kværner Stord. Foto: Camilla Aadland
- Annonse -

Partane kom fram til semje om årets lønsforhandlingar før helga. Dermed blir det blir ingen «gå sakte»-aksjon i regi av Fellesforbundet på Kværner.

I starten av oktober vart det klart at Fellesforbundet og leiinga ved Kværner ikkje klarte å bli samde i årets lønsforhandlingar.

Dermed vart det fare for at dei rundt 600 medlemmene skulle starte ein «gå sakte»-aksjon, også kalt dagsing, meldte Sunnhordland.

Men like før helga vart det klart at Fellesforbundet likevel klarte å bli samde, slik at aksjonen vert avlyst.

– Me har kome til semje med bedrifta, og medlemmene i verkstadklubben har røysta ja til forslaget. Dermed blir det ingen gå sakte-aksjon, seier klubbleiar Amram Hadida i Fellesforbundet til Stord24.

– Så no er me tilbake i 110 prosent innsats.

- Annonse -

Det er ikkje meir enn to år sidan sist det skjedde ein gå sakte-aksjon på Kværner. Frå og med 1. november 2017 gjekk over 600 Kværner-tilsette for halv maskin i fleire veker, på grunn av brot i lønsforhandlingane.

Denne gå sakte-aksjonen varte i 10 dagar.

- Annonse -