Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Fleire patruljar rykte i natt til ut på Stord etter melding om trugslar mot eit avisbod.

Det var klokka 02 natt til laurdag at avisbodet blei truga av ein person, med det politiet skildrar som ein knivliknande gjenstand.

– Avisbodet sprang frå staden, melder Sørvest politidistrikt.

I samband med søk etter gjerningsmannen, blei ein 21 år gammal mann kontrollert av politiet.

– Han nekta å oppgje namn, og sparka til ein politimann. Han blei arrestert for vald mot offentleg tjenestemann.

Politiet skriv at det førebels er uvisst om 21-åringen kan knytast til trugselepisoden.

- Annonse -
- Annonse -