Torbjørn Brosvik er ordførarkandidat for Stord KrF. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Turen er komen til Torbjørn Brosvik i Stord KrF i Stord24 sin presentasjonsrunde for ordførarkandidatane på Stord.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

Oppvekst og skule er svært viktig for KrF. Derfor blir det først og fremst viktig å komme i gang med bygging av Nysæter ungdomsskule, med basseng og klatrehall. Vi ønskjer og å legge til rette for basishall, men må sjå på kva kostnadar dette vil medføre. Med denne skulen på plass har alle ungdomsskuleelevar på Stord gode studietilhøve.

Vidare må vi legge gode planar for korleis barneskulane på Stord skal vere i framtida. Utfordringane i Langeland skulekrets blir ei viktig sak i starten av komande periode. Vi ser og at kostnadane for SFO er blitt høge på Stord og vil sjå på kva vi kan gjere med dette slik at vi får SFO med god kvalitet og fokus på inkludering til ein pris som er forsvarleg.

Vi vil og legge til rette for at Stord vert sertifisert som trafikksikker kommune av Trygg trafikk. Då må vi sikre gode og trygge skulevegar og legge til rette for mjuke trafikantar i mykje større grad enn i dag.

– Stord kommune skal snart vedta ny kommuneplan. Kva trur du kjem til å bli Stord sine største utfordringar dei neste 20 åra?

- Annonse -
- Annonse -

Vi har verdas beste næringsaktørar innan offshore og maritime næringar. Desse skal vi legge til rette for og vidareutvikle. Det er likevel ei utfordring at mykje av næringslivet på stord er knytt opp mot same sektor. Derfor må vi samstundes må vi legge til rette for nye næringar. Det kan vi mellom anna gjere ved å få på plass ein næringsplan med gode næringsareal og vurdere å opprette stilling som næringssjef. Vi vil og styrke det kommunale næringsfondet og at det aktiv i bruk, spesielt til gründerar og verksemder som bidreg til det grøne skiftet.

Tilrettelegging for klimavenleg kvardagsliv i tråd med FN sine bærekraftmål vil og vere eit viktig fokus i ny kommuneplan. Vi skal legge til rette for at alle kan vere med å redde verda, litt og litt kvar dag. Det kan vere ved at kommunen kjøper nullutsleppsbilar, offentlege bygg med klimavennlege løysingar, samanhengande sykkelvegnett, krav i reguleringsplanar og mykje anna.

– Stord-samfunnet står overfor mange strukturendringar, som fylkessamanslåing, ny domstolsstruktur o.l. Kva vil du gjere for at Stord held på rolla si som eit viktig regionsenter?

- Annonse -

Stord er eit viktig regionsenter sør i Vestland. For at vi skal halde fram med å være regionsenter er det naudsynt å ha eit godt samarbeid mellom kommunane i Sunnhordland. Dette gjeld både med tenester som SIM og barnevernet, men og med korleis kommunikasjonane er mellom kommunane. Vi må jobbe for Stord si sak, og samstundes jobbe for Sunnhordland si sak. For at kommunane rundt oss skal peike på Stord som naturleg senter og plassering for tenester, må Stord ta inn over seg at vi treng kommunane rundt.

Kompetansearbeidsplassane i stat, fylke, domstol, høgskule og sjukehus trur eg vi vil måtte kjempe for i tida framover. Då er det avgjerande at Sunnhordland står samla slik at vi unngår at desse arbeidsplassane og tenestene ikkje vert sentralisert til Bergen, Haugesund og Stavanger.

– Stord har ein svært høg lånegjeld, og samtidig mange store investeringar på trappane. Kva vil du gjere for å sikre ein robust økonomi i Stord kommune i neste kommunestyreperiode?

Mykje av lånegjelda til Stord kommune er knytt opp mot vatn og avløp, og vert direkte betalt gjennom kommunale avgifter. Sjølv om det er gjort mykje på dette området dei siste åra er det framleis ein del som må gjerast for å sikre trygt og godt drikkevatn. Nyhendeoppslag den siste tida viser at det er svært viktig å ta desse naudsynte investeringane.

Sjølv om vi har fått gjort mykje i førre periode med bygging av både Stord ungdomsskule, sjukeheim og Nysæter ungdomsskule, er det framleis eit stort investeringsbehov. For å sikre at vi skal klare å investere det som er naudsynt må vi legge opp til ein kommuneøkonomi der vi bruker eigedomsskatten til investering og betaling av gjeld framfor drift. Det er ikkje til å komme i frå at vi må sjå på korleis vi driftar kommunen og prøve å effektivisere der det kan la seg gjere. For KrF er det då viktig at slike kutt ikkje går ut over dei  mest sårbare gruppene.

– Det byggast og fortettast mykje i Leirvik og elles i kommunen, kva vil vere viktig å gjere for å sikre at byutviklinga går i rett retning?

Først og fremst må vi få på plass ein ny og oppdatert kommuneplan som tar inn over seg tida vi er i no og som peikar veg for korleis Stord skal vere framover. Når planverket først er på plass vil KrF følgje dette så langt det lar seg gjere. Dette er for å sikre at vi ikkje kjem inn i slike situasjonar som vi ser i Langeland skulekrets no, der det er gitt løyve til å bygge ut mykje meir enn det er plass til på skulen. Planverket i kommunen skal ligge i forkant og styre utvikling. Ny kommuneplan vil derfor vere det viktigaste verktøyet for å sikre at byutviklinga går i rett retning.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -