Fitjar Mekaniske Verkstad. Foto: Fitjar Mek.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Arbeidstilsynet var på besøk hos skipsverftet Fitjar Mekaniske i januar i år. Der fann dei så graverande brot at arbeidet ved veftet var stansa.

Helsefarlege maskinar, usikra arbeid i høgda, og brot på reglane om innleige av utanlandske arbeidarar, er blant finna Arbeidstilsynet gjorde. Det skriv Sunnhordland i dag.

Det var mellomanna avdekka at fleire av maskinar på verftet mangla vern for operatørane.

– Dette er alvorlege funn. Ein del av funna er også ting som me har peika på tidlegare, seier Johs. B. Lægland, til avisa. Han arbeider som tilsynsleiar i Arbeidstilsynet.

Funna gjorde at tilsynet umiddelbart stansa deler av arbeidet på verfet. Det skal ha ført til avbrot i arbeidet med Kystverket sitt fartøy, som verftet har til bygging.

- Annonse -

Verftsdirektør Hugo Strand seier til avisa at han ikkje kjenner seg att i mange av skildringane til Arbeidstilsynet, og meiner dei overreagerer.

- Annonse -
- Annonse -

Han fortel vidare at dei no jobbar med å svare på pålegga frå tilsynet.

- Annonse -