Aurora kjem til Kværner og Stord. Pressefoto
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter lang tids hemmeleghald er det klart at Aurora er artisten som skal trekkje folk til «Sail Away»-konserten på laurdag.

Mange har lurt på kva artist som skal toppe programmet under laurdagens «Sail Away»-konsertar på Kværner, i samband med utseglinga av Johan Sverdrup-plattforma.

No er det klart kven det er.

Det er Kværner-tilsett og ordførarkandidat for Frp i Fitjar, Sigurd André Maraas, som fredag skriv på Facebook at «ryktebørsen seier at Aurora kjem».

Stord24 har fått stadfesta at desse ryktene stemmer.

23-åringen som kjem frå Os har oppnådd svært stor suksess som artist dei siste åra. Popstjerna var berre 17 år då ho slo gjennom, og har etter kvart slått gjennom internasjonalt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ho har besøkt fleire store TV-show, mellom anna talkshowet til Jimmy Fallon i USA.

Dei andre artistane som skal spele i malarhallen på Kværner på laurdag er Postgirobygget og Bjørn Berge med band.

– Det er ikkje meldt godt vêr, så me flyttar konserten innandørs til malersalen. Folk må kle seg godt. Det er greit å ha ull på seg, og me serverer pølser og brus. Me set opp gratis skyttelbussar frå Heiane og frå Leirvik, sa kommunikasjonssjef Odd Naustdal til Haugesunds Avis.

Konserten vil starte klokka 18.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -