Foto: Thomas A. Hjelmen
- Annonse -

Mange reisande gjer at Danish Air Transport set inn ein ekstra avgang i veka.

– Grunna godt belegg på Osloruta aukar Stordflyet no opp frå 14 til 15 rotasjonar per veke, opplyser lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Den nye rotasjonen vil bli sett opp på måndager frå og med i haust.

– Frå og med måndag 02. september set Stordflyet opp ein ekstra rotasjon på Osloruta på mandagar.

Tidspunkta for dei nye avgangane vil vere frå Stord lufthamn kl. 10.00. Landing i Oslo kl. 11.00.

Retur vil bli frå Oslo kl. 15.00. Landing Stord lufthamn kl. 16.00.

- Annonse -

 Myklebust har tidlegare sagt at frekvensen ved Oslo-ruta har vore for låg for å få stor nok trafikkauke, og at ein setje krav om 15 rotasjonar i veka dersom kommunen skulle starte med å kjøpe flytenester.

– Det er klart at dersom det nesten aldri går fly her, vil ein bruka andre flyplassar. Fleire rotasjonar vil og gje auka inntekter til lufthamnselskapet, noko som sikrar drifta på flyplassen, sa Myklebust i 2017.

No er lufthamna altså oppe i 15 rotasjonar.

- Annonse -