Redaktør Jonas Sætre i Stord24 gler seg over vekst i opplagstala. Foto: Stord24
- Annonse -

Stord24 kan gle seg over ei opplagsauke på 50 det siste halve året.

Tysdag kom dei ferske opplagstala til norske aviser for årets første halvår.

Tala viser at Stord24 har hatt ein auke på 50, eller kring fem prosent, i høve siste halvår i 2020. Opplaget til Stord24 er no på 1175.

– Det er svært gledeleg for oss i Stord24 å sjå at stadig fleire ønskjer å abonnera på avisa vår. Det er den beste tilbakemeldinga me kan få, og gjer oss endå meir motiverte til å satsa på god journalistikk som lesarane finn nyttig og interessant, seier ansvarleg redaktør i Stord24, Jonas Sætre.

I regionen er det berre storebror Sunnhordland som hadde ein større opplagsauke, som har ein framgong på 137. Vestavind i Sveio får ein auke på 40, Grenda aukar med 48 og Bømlo-Nytt aukar med 3.

Men det er også lokalaviser som opplever nedgang. Kvinnheringen får 164 færre i opplag, Tysnes mister 25 i opplag og Marsteinen i Austevoll mister 49 i opplag.

- Annonse -

Landslaget for lokalaviser er svært fornøgde med opplagstala. Til saman har medlemsavisene deira eit opplag på over 358.000.

– Gjennom pandemien trur og håpar eg at folk har sett kor viktig det er å ha ei lokalavis i kommunen sin. Avisene våre formidlar nyttig og livsviktig informasjon og knyter folk saman. Lokalavisene er òg ein nyttig mediekanal for bedrifter, organisasjonar og kommunar. Særleg har mange kommunar brukt lokalavisa det siste året for å få ut samfunnskritisk informasjon i eit truverdig miljø, seier generalsekretær Tomas Bruvik.