Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: Kjetil Rydland, Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er utruleg spennande å gå gjennom det ypperste av bokdesign frå hele verda, seier Aud Gloppen.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Den kjende bokdesignaren frå Fitjar er designsjef i Vårt Land, og er nett ferdig med eit svært prestisjefylt oppdrag på Nasjonalbiblioteket i den tyske byen Leipzig.

Her har ho vore med i juryen som fekk æra av å kåra den vakraste boka i verda. I tre dagar i førre veke sat ho saman med seks andre jurymedlemmer og valde ut prisvinnarane blant 608 bøker frå 33 land. Konkurransen heiter «Best Book Design from all over the World», og blir skipa til av Stiftung Buchkunst Leipzig.

Audmjuk

– Eg er veldig audmjuk overfor oppgåva. Det er utruleg spennande å gå gjennom det ypperste av bokdesign frå hele verda, og frå så mange ulike designtradisjonar. Det blir nok ein tøff jobb å velje ut vinnarane, sa Gloppen til Vårt Land.

Dette er ein konkurranse som har vore til inspirasjon for Aud Gloppen gjennom heile yrkeslivet hennar.

- Annonse -
- Annonse -

– Konkurransen er ei feiring av den trykte boka, seier ho.

Den gjævaste prisen, «Goldene Letter», kan reknast som bokdesignarbransjens «Oscar».

- Annonse -

Aud Gloppen starta designfirmaet Blæst, og har også jobba i Bokklubben og Cappelen forlag. Ho har fått Bokkunstprisen og vunne fleire prisar i Årets vakraste bøker.

13 norske kandidatar

Stiftung Buchkunst Leipzig har sidan 1963 arrangert kåringa Best Book Design from all over the World.

Av dei 608 bøkene frå 33 land som skal vurderast, er 13 er laga av norske bokdesignarar. De norske bøkene har alle fått prisar i konkurransen Årets vakreste bøker, arrangert av Grafill.

Prisutdelinga skjer under bokmessa i Leipzig 15.–18. mars. Alle bøkene blir stilte ut under verdas største bokmesse i Frankfurt til hausten.

Guttorm Guttormsgaard er den einaste nordmannen som har vunne den gjævaste prisen, «Goldene Letter», i 1992. Den fikk han for «Mine dikt» av Halldis Moren Vesaas på Aschehoug forlag.

Blant desse bøkene finn me den vakraste boka i verda, men vinnaren blir først avslørt på bokmessa i Leipzig. Foto: Aud Gloppen.
- Annonse -