Bustadfeltet Hamrane i Sagvåg vart bygd trass i at ein geologisk rapport frå UiB konkluderte med skredfare i området. Foto: Google
- Annonse -

Tilfeldigvis vart det oppdaga at bustadfeltet Hamrane i Sagvåg ikkje er rassikra. No ligg det an til eit omfattande arbeid.

Bustadfeltet Hamrane i Sagvåg vart bygd ut på 1970-talet, trass i at det allereie då var dokumentasjon på rasfare for bustadfeltet, som ligg ved foten av Utslettefjellet. Det skriv Sunnhordland.

Avisa har snakka med geolog Asbjørn Øystese frå Multiconsult som den siste tida har kartlagt området for Stord kommune. Han meiner det ikkje er tvil om at det er stor skredfare i feltet.

– Det er stor skredfare her oppe. Me har sikra, og kjem til å sikra fleire, ganske store blokker. Her er det snakk om steinblokker på oppimot om lag 70 tonn, seier Øystese til avisa.

Han meiner skredfaren er så stor at bustadfeltet neppe hadde blitt bygd i dag.

Bakgrunnen for at saka dukka opp i dag, over 40 år etter bustadfeltet vart bygd, var då det var søkt om løyve til trefelling. Då vart den geologiske rapporten frå 70-talet funnen, der det vart åtvara mot skredfaren.

- Annonse -

Stord kommune vurderte dermed behovet for sikring som akutt, og iverksette tiltak umiddelbart. Under førre kommunestyre var rekninga kome på 800.000, men kva sluttsummen for sikringa av heile bustadfeltet vil kome på er uvisst.

- Annonse -