Frå testfasilitetane til Kværner på Heiane Vest. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Alle fekk Covid-19 stadfesta i første test etter ankomst.

Tysdag morgon melder Stord kommune at åtte utanlandske arbeidarar tilknytt Kværner har testa positiv for koronavirus.

Dei skal ha ankome Stord laurdag og søndag.

– Utan symptom. Isolert. Dei andre er i karantene, skriv kommunen.

Kommunikasjonssjef ved Kværner, Odd Naustdal, seier til Haugesunds Avis at alle dei åtte som har testa positivt blei testa i heimlandet før avreise.

– Dette er det høgste talet av smitta som er registrert ved verftet på éin innkomande rotasjon, seier Naustdal til avisa.

- Annonse -