Atle Hansen. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Visesongaren held konsert både på Fitjar og Stord i helga.

Av: Ingrid Hovstad

Forfattaren og artisten Atle Hansen er eit kjent namn for mange. I år feirar han at det er 50 år sidan han for første gong stod framfor publikum som vokalist i eit popband. Seinare har han opptredd aleine som visesongar, med band eller saman med forfattarar.

Atle Hansen debuterte som forfattar i 1997, med barneboka «Sjørøvar-Jenny og Einauga-Bill». Sidan har det blitt 18 bøker til.

Programmet «Songane, orda og eg» inneheld tekstar, forteljingar og songar skrivne av Atle Hansen sjølv. Artisten lovar eit variert program, med nye og gamle songar. Songane vert knytt saman av personlege tekstar og forteljingar, som forfattarane trur kan by på både lått og tårer.

- Annonse -

Programmet er tidlegare framført i Galleri Borghild og på fleire bibliotek i Hardanger og Midhordland, og er blitt svært godt motteke av tilhøyrarane. Etter framføringa i Galleri Borghild, skreiv ein at tilhøyrarane på Facebook at det var ein «utruleg fin konsert».

- Annonse -
- Annonse -

Atle Hansen tek turen til Sykkel & Kaffi laurdag 30., og Galleri Losjen søndag 31.mars.

- Annonse -