Atle Hansen har markert seg gjennom ei lang karriere som forfattar, journalist og visekunstnar. No vil han prøve seg i politikken. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Han har satt spor etter seg etter ei lang karriere som forfattar, journalist, trubadur og låtskrivar. No skal 64-åringen prøve seg i Stord-politikken.

Som det første av partia på Stord, har Sosialistisk Venstreparti no klargjort nominasjonslista si fram mot neste års kommunestyreval.

Her er det store endringar samanlikna med dagens kommunestyregruppe (sjå lenger nede i saka).

Eitt av dei nye og mest profilerte namna på lista er forfattar, musikar og pensjonert journalist Atle Hansen (64), som no vil gjere politikar av seg.

Hansen er nominert til tredjeplass på lista, noko som sikrar han fast plass i kommunestyret, med mindre partiet gjer eit veldig mykje dårlegare val enn i 2015. Partiet har i dag fire representantar i kommunestyret på Stord.

– Alltid vore oppteken av politikk

Forfattaren seier at det no er første lokalvalet på fleire tiår at han får høve til å engasjere seg politisk.

Anna Sofie Ekeland Valvatne var ein av arrangørane bak Storapride 2018. No har ho sikra seg fast plass i kommunestyret på Stord for SV. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -

– Eg har alltid vore oppteken av politikk og samfunn. Då eg var journalist i nesten 30 år, kunne eg ikkje engasjera meg i partipolitikk, det ligg i yrket.

Dei som følgjer Atle Hansen på sosiale media og bloggen hans Storden, veit at han ikkje er redd for å uttrykkje sterke meiningar. No vil han altså kanalisere engasjementet sitt inn mot Stord-politikken.

– Eg meiner at mange fleire enn dei som gjer det bør engasjera seg i lokalpolitikken og lokalsamfunnet. Sjølv har eg prøvd å gjera det gjennom å skriva kommentarar, både i avisa og sidan i min eigen blogg. Når eg no har høve til å stilla til val for kommunestyret ville eg gjera det. Det er noko nytt for meg, eg har mykje å læra, men eg har òg ein del eg har lyst å seia og meiningar å framføra.

– Kvifor valde du SV som ditt parti?

– Eg valde SV då dette er partiet som ligg nærast mine politiske synspunkt, men eg er ikkje medlem per i dag. Det er også saker dette partiet står for som eg er usamd med, men slik vil det alltid vera. For meg er det avgjerande at partiet står for liknande synspunkt som meg innan miljø og klimapolitikk, fordelingspolitikk og samferdsle. Eg reknar også at me kulturpolitisk står omlag på same linja.

– Kva blir dei viktigaste sakene du ser fram til å jobbe med i Stord-politikken?

- Annonse -

– Eg veit ikkje kva saker eg kjem til å få jobba med, eg veit ikkje eingong om eg kjem inn, eg er jo sjølvsagt oppteken av kulturpolitikk og slikt, men også av det som har med sjølve famfunnsutforminga og ikkje minst -omforminga å gjera.

Hansen fortel at han er spesielt oppteken av at det offentlege må halda dei private utbyggarane i tøylene.

– Stord er jo inne i ei enorm visuell omskaping, frå bygd og tettstad, til noko som prøver å bli ein by, der politikarane har gitt frå seg makta over regulering og utforming til private entrepenørar, seier Hansen.

Nils Magne Blålid i Stord SV gir seg på topp for SV, etter mange år i politikken., foto: Jonas Sætre/Stord24

Blålid gir seg

Det er også andre store omrokkeringar på SV si liste.

Som ordførarkandidat finn me Hilde Mathea Hildal Hauglid (45), som i dag er partiet sinn andrekandidat. Hauglid jobbar til vanleg som lektor.

SV sin mangeårige gruppeleiar på Stord, Nils Magne Blålid, gir seg dermed som toppkandidat, og hamnar i år på 7. plass på lista. Det vil ikkje gi han fast plass i kommunestyret.

På andreplass på lista finn me Anna Sofie Ekeland Valvatne (20). Ho har markert seg sterkt dei siste åra på vegner av Stord Sosialistiske Ungdom. Ikkje minst i haust, då ho var med å arrangere «Storapride».

Av andre profilerte namn finn me kommunikasjonssjef i Wärtsilä, Jane Jünger, som er nominert til 6. plass på SV-lista.

Samtidig er det fleire av SV sine profilerte fjes som trekkjer seg. Blant anna er ikkje Kjellbjørg Lunde å sjå på neste års liste.

Her er dei 20 øvste kandidatane på SV si nominasjonsliste:

PlasseringNamnFødeårYrke
1Hilde Mathea Hildal Hauglid1973Lektor
2Anna Sofie Ekeland Valvatne1998Student
3Atle Hansen1954Forfattar
4 Karin Bell Trældal1966Operasjonssjukepleiar
5Jorge Morales Del Pino1962Portør
6Jane Cathrin Særsten Junger1971Kommunikasjonssjef
7Nils Magne Blålid1957Fysioterapeut
8Hege Myklebust1970Høgskulelektor
9Vegar Moe1984Elektrikar
10Ingunn Hansejordet1968Lektor
11Daniel Måge1980Hotellresepsjonist
12Trine Gravdal1981Adjunkt
13Thor Hauglid1948Pensjonist
14Camilla Utne1977Uføretrygda
15Johannes Belsvik1935Pensjonist
16Tamara Sofia Del Pino1994Student
17Ivar Bjordal jr.1967Adjunkt
18Vigdis Haga1972Adjunkt
19Jostein Sydnes1974Dagleg leiar
20Eirin Helgesen2000Student

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -