Fleire verksemder var med på den første samlinga til Atheno for å lære om digitalisering. Foto: Atheno
- Annonse -

Eit fire dagars tettpakka program skal gjera leiarar i ulike Sunnhordlandsbedrifter meir kompetente innan digitalisering.

Næringsselskapet Atheno ruller ut eit nytt program som skal hjelpe lokale verksemder i å ta naudsynte grep for å bli konkurransedyktige i den digitale framtida.

– Norsk og internasjonalt næringsliv er i ei rivande utvikling. Digitalisering er noko nesten alle snakkar om men som få enno veit konsekvensen av i eigen bedrift. Dette er bakgrunnen for at Atheno no har klansert eit heilt nytt kompetanseprogram, fortel prosjektleiar i Atheno, Lene Pilskog.

– Med programmet vårt aDigital ønskjer me å gi bedrifter auka kunnskap om tematikken digitalisering slik at dei kan ta dei rette avgjerslene.

Det er allereie gjennomført ein pilot på prosjektet, og Atheno rullar no ut tilbodet til alle bedrifter som ynskjer å vere i førarsetet ved å ta nye teknologiar og ny kunnskap i bruk.

– Ynskjer ein å vere konkurransedyktig i tida som kjem har ein ikkje noko val. Me har knytt til oss mange av dei aller beste innleiarane innan temaet for å sikre høg kvalitet gjennom heile programmet, seier Pilskog.

- Annonse -

Med på piloten var blant anna innleiarar frå Sintef og Digital Norway. Tilbakemeldingane frå første runde er svært positive, skriv Atheno. Atheno har også lansert ein eigen nettside, athenodigital.no, der ein blant anna finn videoar med tilbakemeldingar frå dei som har prøvd ut programmet.

– Me har laga ei nettside med info om programmet og kva ein kan forvente med å sitte att med etterpå. Så der er det berre å sjekke ut. Me håpar sjølvsagt at bedriftene i regionen vår er offensive i tankegangen og ser nytten av å delta på kompetanseprogrammet framover, seier Pilskog.

- Annonse -