Spelarutviklar i Stord Fotball, Kjell Petter Neset, er svært stolt av kva Stord fekk til i cuprunden mot FK Haugesund laurdag. Foto: Peter Tubaas/Vestland Media/Anja Austlid/Stord24
- Annonse -

INNLEGG: Det er 49 år sidan sist Stord vann mot eit lag frå øvste serie. Kvifor skjer det?

Av: Kjell Petter Neset,
Trenar for G16 i Stord Fotball

Nesten eit døger etter cuptriumfen mot FKH har eg enno ei euforisk kjensle av glede for Stord Fotball sin prestasjon.

Dette var «våre» gutar som i 21 månader har hatt forbod mot å spele kampar, som har hatt forbod mot å trene med kontakt i store deler av tida og som stiller til kamp med trenar som aldri har leia laget i kamp.

I tillegg er det med tre spelarar som ikkje ein gong har opplevd å spele ein full juniorsesong før koronapausen satte inn.

Dei er «våre gutar» – vakse opp på øya eller naboøyer – som møter heilprofesjonelt lag med innkjøpte spelarar frå inn- og utland. Og så vinn «våre gutar». Det er 49 år sidan sist Stord vann mot eit lag frå øvste serie. At slikt kan skje er naturstridig og eg kjem ikkje på andre idretter der slikt kan skje.

- Annonse -

Kvifor skjer det? Ein haug med grunnar. Fotball er ein kompleks idrett, men dette hadde ikkje skjedd utan at gutane hadde hatt trua på det sjølv. Her skal Kim (Rønningstad, hovudtrenar, red.mrk) og dei andre rundt laget ha honnør. Her var det ei gruppe som ville og som trudde det gjekk an å vinne.

Alt går an i fotball. Som trenar for ungdomar i klubben prøver ein å innprente dette i alle ein er trenar for. Det er så enormt inspirerande når «våre gutar» gir oss prov for dette.

Det kjem nye ungdomar til som kjem til å tru meir på dette no. Alt går an!

Dette innlegget vart først publisert på Neset sin Facebook-profil, og er attgjeve i Stord24 med løyve frå han.