LESARBREV: Makteslause blant unge overfor så store utfordringar bidreg til mistru på framtida, og då er det og vanskeleg å vere lukkeleg
Av: John Tonnessen
(dette er eit innlegg som svar på nyhendesaka tydag om at færre unge er lukkelegare enn før)
I artikkel i NRK kunne me lesa at 1.4 millionar nordmenn er single og det er ei sterk auke frå tidlegare tider. Å vere i eit forhold bidreg til lukke, så når færre finn kjærleika så er nok det ein faktor.
Arbeid er ein annan. Det moderne arbeidslivet krever stadig meir av oss. Det er ikkje nok å vere lærar eller seljar. No må alle vere superlærer eller superseljar. Stabilitet i arbeidet som gjer tryggnad har òg blitt vanskeligare å få for mange. Det gjer dårlegare kår, både i kvardagen og på bustadmarknaden. Slik utryggleik trekk ned lukka.
Samstundes har me auka krav og forventningar enormt, eit greit hus for 30 år sidan er stussleg i dag. Me skal konkurrere i bustad, i karriere, i utsjånad og alt me gjer, og leggja det på asosiale media for å visa korleis me ligg an, og samanlikna oss sjølve med andre. Me følgjer påverkarar som påverker oss til å aldri vere nøgde, til å gapa over alltid meir, og måla oss mot mål som ingen menneskje kan nå. Det blir me ikkje meir lukkeleg av.
Mange av oss sitt inne meir og meir, ungdommen er einsomme utan telefonane eller dataspela sine. Eg vaks opp i tida då spela kom og merker at eg var tidleg ute med å sitte inne og spela, å få venner som var interessert i det same, og finne fellesskap på tvers av landegrenser og tidssoner. Men det eg ser i seinare tid er at i stor grad var det venner som drog ein inn for å sitta foran skjermen, medan dei vennene ein hadde i nabolaget drog ein ut for å gjere noko reelt.
Eg kjenner fleire som har falt heilt ut av samfunnet fordi dei er dregen heilt inn på rommet og kan ikkje lenger leve ute i verda, mange av dei unge uføre, ei gruppe som aukar i antal stadig. Eg trur ikkje skjermtida bidreg til lukke.
Og me har ikkje noko mål som fellesskap. Etter krigen var målet klart, bygga landet, bygga velstand og velferdsstat. No har me i stor grad lukkast, men det er noko som ikkje stemmer. Velferdsstaten gjer alt den kan for at me ikkje skal bruka den om me virkelig treng den. Velstanden er skeivt fordelt og blir stadig skeivare. Og mange plasser i landet sit kommunepolitikarar og må kutte i tenester som folk verkeleg må ha, fordi det er ikkje penger nok til å betala for alt me treng. Kjensla av at ting blir verre fordi me ikkje klarar å halde på det me har dreg ned kjensla av lukke og.
Og midt oppi dette skuggar ei krise over oss, sjølve marka me lev på ristar på seg grunna vår livsstil og høge forbruk. Me maktar ikkje gjere nok for å unngå klimaproblemer som no vil nå ein ukjend storleik.
Eg blir 40 år snart, og i heile mitt liv har verdas leiarar visst at meir co2-produksjon vil medføre store problemer for oss alle i den andre halvdel av dette århundre. Men dei har ikkje makta gjere noko monaleg med det. Makteslause blant unge overfor så store utfordringar bidreg til mistru på framtida, og då er det og vanskeleg å vere lukkeleg.
Men, som tidvis deprimert miljømenneske som har sittet altfor mange timar føre skjermen, og møtt frustrasjonar frå velferdsstat og byråkrati, eit ustabilt arbeidsliv, og omtrent alt eg sjølv har skildra, som sjølvsagt er eigne erfaringar, og erfaringar eg har sett andre har hatt, så kan eg seie at det finnes alltid håp.
Eit håp om at den kjensla unge sit med i dag om at dei ikkje er lukkelege er eit utslag av vår felles forståing om at ting ikkje kan halde fram slik det har gjort. At endring må skje, at forbrukssamfunnet er ei blindgate, at me må endre måten me lev på, at me kan endre måten me lev på, så me kan vinne tilbake trua på framtida.
Det vil komme, og då trur eg lukka vil auke for dei unge igjen.