Mange reagerte etter politiaksjonen på Heiane mottak tidlegare i haust. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24
- Annonse -

Ein asylsøkjar i midten av 30-åra truga ein annan person med kniv på Stord mottakssenter.

Ingen personar vart skada i samband med hendinga som skjedde på Stord mottakssenter på Heiane.

– Mannen er satt i arrest, melder Sørvest politidistrikt på Twitter.

Jourhavande jurist ved Sørvest politiditrikt, Anne Mette Dale, opplyser til Haugesunds Avis at politiet fekk melding om hending klokka 21.40 måndag kveld.

– Det har vore ein krangel på asylmottaket der ein av dei involverte truga med kniv mot den andre. politiet kom til staden og arresterte mistenkte, som no er sikta i saka, opplyser Dale til avisa.

- Annonse -

Den sikta mannen vil bli avhøyrt tysdag morgon.

- Annonse -
- Annonse -

Det er ikkje kjent kva relasjon dei involverte har til kvarandre.

- Annonse -