Astrid Kjellevold i aksjon. Foto frå Kjellevold sin instagram : kunst_ak
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Laurdag opnar kunstutstillinga på Galleri Losjen på Fitjar.

Av: Ingrid Hovstad

Det har vore mykje aktivitet på Galleri Losjen i Ftjar dei siste månadane: hatteutstilling, barneboklansering, fotografiutstilling og besøk frå verdskjente Kjell Pahr Iversen. No er det Astrid Kjellevold som skal få visa fram sin kunst i det vesle galleriet.

– Eg bur på Stord, og har tre snart vaksne born, ein nabokatt og ein haltande Fiat 500, skriv Kjellevold om seg sjølv, som til dagleg er leiar for Atheno.

Ho har vart introdusert til teikning, måling og keramikk på barneskulen av ei som var formingslærar.

– I tillegg hadde eg ei bestemor som forventa at me lærte oss strikking, hekling og hardangersaum i ung alder, fortel Kjellevold.

- Annonse -

Astrid Kjellevold bygga vidare på skapargleda ho fekk av desse to, og har no mala sidan ho gjekk på ungdomsskulen.

Lag på lag på store lerret

– Det har vore mange uttrykk gjennom åra, og i dei siste 20-25 åra har eg mala med både akryl og oljemaling, fortel Kjellevold. Ho likar best å arbeida på store lerret, sjølv om dette er krevjande når det kjem til tid og teknikk.

– Eg malar lag på lag, ofte 5-6 lag i eit bilete. Det tek tid, men det er veldig inspirerande arbeid. Når eg finn den rette fargeblandinga flyr timane forbi.

Kjellevold er glad i det abstrakte, og syntest det er stas når folk opplever og føler heilt ulike ting av å sjå på bileta hennar.

Ho har selt kunsten sin i mange år, men det å stilla den ut i eit galleri er nytt for henne.

– Eg gler meg til utstillinga på Galleri Losjen. Både til opninga, men også den neste veka. Veldig kjekt om folk kjem innom utover veka også, avsluttar Kjellevold.

Utstillinga vert opna av ordførar Wenche Tislevoll den 25.mai. Utstillinga kan vitjast frå 26. mai til 2. juni.

- Annonse -