Foto: Fitjar Kraftlag
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Me sit ikkje igjen med noko sterk samfunnsbyggjar i Fitjar om linjenettet vert bytta bort i aksjar hos Haugaland Kraft, skriv Geir Arne Isdahl.

Av: Geir Arne Isdahl, Fitjar

Eg forstår ikkje kvifor det hastar så mykje med å få selt Fitjar Kraftlag. No har me vore på fleire møter og fått høyre kor dårleg det står til økonomisk. Det eg stussar på i dette tilfellet, er kvifor dei brukar i fjor, og til dels i år for å beskrive kor dårleg det står til.

Faktum er at i fjor og i år har ein av Fitjar Kraftlag sine største kundar som er Lerøy/Sjøtroll Kjærelva vore stengt ned pga at dei skal byggje eit anlegg som brukar omtrent like mykje straum som alle kundane i Fitjar tilsaman. I tillegg er det lagt kablar til Sandvikvåg , der fergene vil verte ein betydeleg forbrukar. Når me legg saman dette med at det er store investeringar og utbyggjingar under planlegging på industriområdet i Årskog, så forstår ikkje eg korleis ein kan svartmale økonomien til kraftlaget så voldsomt.

Ein eventuell dobling eller tredobling av overføringar på nettet til Fitjar Kraftlag er faktisk eit reellt scenario. Ei fornuftig økonomistyring og eindel lavare investeringar frametter, så bør skuta vere på rett kjøl.

Eit såpass auka overføring på linjenettet vil då kunne vere med å subsidiere ei lavare nettleige for kundane, då kraftlaget fortsatt har ei inntektsramme å forhalde seg til.

- Annonse -
- Annonse -

Poenget mitt er at det er dumt å kvitte seg med linjenettet før me ser kva muligheter det er for auka inntekter framover. Dette føler eg at ikkje har komme fram i det heile tatt i prosessen.

- Annonse -

Så til avtalen med Haugaland Kraft, Nye Fitjar Kraftlag og den sterke samfunnsbyggjaren.
I mine auge så sit me ikkje igjen med noko sterk samfunnsbyggjar i Fitjar om linjenettet vert bytta bort i aksjar hos Haugaland Kraft. Det vil bli igjen ein liten salgsavdeling på ca. 5 personar som skal selje straum, breiband, drive med noko som heiter Hitch, og passa på smartmålarane. Dei skal sitje i eit leigt hus, og heve lønn av noko som ikkje gir så veldig med inntekter. Kor er den tunge samfunnsbyggjaren då?

Det måtte vel vore betre og gått tilbake til Haugaland Kraft, å spurt kor mykje aksjar me kan få om dei overtek alt? Kvifor er ikkje dette eit tema i forhandlingane med Haugaland Kraft? Fitjarfolk får ikkje hjelp til det ein treng på kraftlaget lenger, så kvifor skal me då behalde det eg nevner over? Om ein treng hjelp til å få påvist ein kabel, assistanse ved kryssing av kablar, flytting av stolpar og andre ting ein tidlegare har kjørt til Årskog, eller ringt ein av dei ansatte i kraftlaget for å få ordna, må ein i framtida kontakte Haugaland Kraft for å få utført desse tjenestane.

Nei, få heller meir aksjar, opprett eit fond som forvaltar inntektene frå Midtfjellet Vindkraft og Haugaland Kraft. Allereie på sparte lønnsutgifter har ein fleire millionar å dele ut til gode føremål i bygda. Ein sparar seg honorar til eit styre, og ein stor del av avkastinga på aksjar kan gå direkte tilbake til parteigarane.

Slike mulighetar synest eg ein bør sjå på om ein alikevel berre skal sitja att med ein liten salgsavdeling i leigt hus i Årskog.

Mi oppfordring er at folk må stemma nei til forslaga frå styret på møtet 22. november.
Me har enno to år på oss til å finna ut kva me vil med Kraftlaget vidare, så det er ingen grunn til å forhaste seg etter mitt syn.

- Annonse -