Foto: Midtsiden
- Annonse -

Etter å ha plukka opp ein utagerande mann etter einn konsert på Fitjar i natt, blei politifolka utsett for vald.

Det var i 01.10-tida natt til laurdag at ein politipatrulje måtte rykke ut for til å handtere ein utagerande gjest under eit arrangement på Fitjar.

– Ein 20 år gammel mann var utagerande i lang tid og blei til slutt køyrt til legevakta, opplyser Sør-Vest politidistrikt.

Etter å ha vore inmom legevakta for sjekk, blei han køyrt rett i arresten. Han roa seg nemleg ikkje etter at politiet hadde teke hand om han.

- Annonse -

– Han blei arrestert og blir politimeldt for vald mot offentleg tenestemann. Mannen forsøkte å utøve vald mot politiet, skriv politidistriktet.