Sigurd André Maraas. Foto: FP-arkiv
- Annonse -

FAU ved Øvrebygda oppmodar alle som kan om å delta på støttemarkering for skulen.

Som kjent føreslår administrasjonen i Fitjar kommune å legge ned Øvrebygda skule og Selevik skule, for å kome i balanse med kommuneøkonomien. Neste veke vert det arrangert støttemarkering for skulen.

– FAU ved Øvrebygda skule vil med dette invitere til ei markering for å om mulig bevare skulen vår. Som kjent så står skulen i fare for nedleggelse, og me vil visa vår støtte til skulen, seier FAU-leiar Sigurd André Maraas.

Markeringa vil skje frå klokka 15, tysdag 4. september.

– Me oppfordrer elever, lag og organisasjoner og alle andre til å møte opp her. Dette handler om framtida til ikkje bere skulen, men og heile samfunnet i Øvrebygda. Denne gangen er det alvor.

- Annonse -

Markeringa vil skje dagen før politikarane skal ha eit heildagsmøte om skulebruksplanen.

- Annonse -
- Annonse -

– Denne markeringa vil difor vere eit kraftig signal til politikerne fra oss i Øvrebygda.

- Annonse -