Nokre av dei vakre seglskutane som deltek på Tall Ship Races kan kome til Stord i sommar. Foto: Eivind Senneset/Bergen kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er strålande nytt for Stord kommune, skriv koordinator Jostein Sydnes.

Bergen vil i sommar vere vertskap for The Tall Ship Races for femte gong. Opp mot 100 av verdas vakraste seglskutar vil ta turen til vestlandshovudstaden 21. til 24. juli.

No har Stord blitt invitert til å å vere ein såkalla «Cruise in Company»-hamn i forkant av årets arrangement.

Jostein Sydnes. Foto: Sydvest

– Ein invitasjon til å vera Cruise in Company hamn er strålande nytt for Stord kommune. Me har relativt lite aktivitet for turistar og fastbuande om sommaren og dette er eit høve til å få merksemd og aktivitet i den flotte hamna vår, skriv Jostein Sydnes i eit brev til Stord kommmune.

Han er blitt spurt om å koordinere programmet i sentrum samband med at skutene kjem.

– Kan gi Leirvik eit fint løft

Dersom alt går etter planen vil skutene kome på besøk helga 19. til 21. juli.

- Annonse -
- Annonse -

– Det gir høve til å lage eit familievennleg program i Leirvik hamn med konsertar, opne skuter, salgsboder og folkeliv. Dette kan gi handelstanden eit fint løft i ein månad som tradisjonelt sett ikkje er så bra på Leirvik.

- Annonse -

Etter initiativ frå ordføraren har næringslivet allereie lagt pengar på bordet i samband med arrangementet. Kværner og SKL har sålangt bidrege med 35.000 kroner. Sydnes meiner Stord kommune bør gi ei støtte på 20.000 kroner.

Også under Tall Ships Races i Bergen i 2014 stansa seglskutene i Leirvik sentrum.

– Det er mogleg å gjera det endå betre enn sist, ein viktig forutsetnad er forankring i kommunen, eit positivt næringsliv og dugnadsvilje. Dette har me alle forutsetninger for å få til, seier Sydnes.

Fleire hamnar

Os er også blitt spurt om å få besøk av seglskutene. I følgje Midtsiden var det i 2014 tre hamner i Hordaland før ankomst Bergen, no vil arrangørane utvida til 4-6 mindre hamner.

– Seglasen i 2019 startar i Aalborg i Danmark og går som regatta til Fredrikstad. Frå Fredrikstad til Bergen er det eit «Cruise in Company», her handlar det for mannskapen å om å bli betre kjent og å nyta turen, fortel prosjektleiar Morten Dahl Sebjørnsen frå CoEvent AS.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -