Eirin (t.v.), Salman og leiar Tara Wiers Kvamme i Stord Sosialistiske Ungdom er klar for Pride-arrangement på Stord. Foto: SU
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Sosialistiske Ungdom har teke intiativ til å feire dei homofile sine rettar ved å arrangere «Storapride» i midten av september.

Vanlegvis er det i dei større byane at Pride-arrangement vert arrangert. Men tidlegare i år fekk Volda i Møre og Romsdal nasjonal merksemd for å ha arrangert «Bygdapride», der tusenvis møtte opp for å setje fokus på homofile sine rettar på småstadar.

Dette har inspirert Stord Sosialistiske Ungdom til å arrangere Pride også på Stord, som har fått namnet «Storapride».

– Viktig sak

– Me såg kor vellukka det var i Volda, og me synest det er veldig kjekt å sjå at det går an å arrangere dette på små stadar. Det er jo ein veldig viktig sak. Difor tenkte me å prøve dette på Stord, fortel leiar i Stord SU, Tara Wiers Kvamme.

– Kvifor er det viktig å arrangere dette på Stord?

– Eg trur det er veldig viktig å ikkje berre markere desse sakene i storbyane. På mindre stadar der alle kjenner alle er det gjerne meir fordommar.

- Annonse -

Arrangementet vil skje i Leirvik sentrum laurdag 15. september. Og Kvamme lovar både parade og andre arrangement i sentrum.

– Me har planlagt ein parade, og så vil me ha ulike stands og arrangement på Torget.

For alle

Leiaren i Stord SU understreker at arrangementet er ope for alle som ønskjer å støtte opp om rettane til homofile og andre skeive.

– Dette er eit arrangement for alle som vil at homofile skal ha like rettar som alle andre. I år har me valt «familie» tema for arrangementet.

Kvamme opplyser at på kort tid har fleire andre organisasjonar meldt seg på arrangementet: Stord Press, Redd Barna, AUF, Stord SV, Utdanningsforbundet og Unge Venstre.

– Me begynner å bli ganske mange, så eg vonar mange tek turen til arrangementet, seier Kvamme.

I sommar vart det også arrangert historiens første Pride-arrangement i Haugesund.

- Annonse -