Eit Submarine Spitfire vil ha flyoppvising over Heiane under opninga av Biltema. Foto: Wikipedia
- Annonse -

Laurdag blir det etterlengta opning av varehuset til Biltema på Heiane Vest. Og varehuset sparar ikkje på kruttet.

Etter ein lang politisk prosess fekk Biltema endeleg løyve til å opne eit stort varehus på Heiane Vest. Førstkomande laurdag vert det opningsfest.

Dei som står tidleg opp denne laurdagen blir belønna med eit lite flyshow. De blir nemleg flyoppvisning med det vesle jagerflyet Supermarine Spitfire.

– Viss alt vêr og vind klaffar skal Spitfire’en koma klokka 7.50. Den vil ha eit flyshow over varehuset i ti minuttar, før ordføraren skal opne varehuset offisielt klokka 8, fortel dagleg leiar i Biltema Norge, Dag Bergby.

Lokal diktar kjem

Dagleg leiar i Biltema Norge, Dag Bergby. Foto: Biltema

Det blir ogå noko så utradisjonelt som diktopplesning under opningsfesta. Biltema har fått lokale Arne Torget til å lese dikt om morgonen.

– Han er ein lokal poet som har vore engasjert med dikt retta mot politikarar i perioden då me sleit med å få løyve til å opne varehuset. Om det var dette som var tunga på vektskåla veit eg ikkje, men uansett har det vore veldig positivt.

- Annonse -

Det blir også høve ein båttur for dei minste, då Elias-båten vil segle på Meatjødno like ved varehuset.

Biltema-sjefen fortel at det blir sett opp ekstra bussar frå Leirvik sentrum og frå Bremnes på Bømlo i samband med opninga.

Ekstra gledeleg

Bergby seier det er ekstra kjekt å kunne opne varehuset sidan det har vore så mykje fram og tilbake med poliske vedtak.

– Det er nok litt ekstra glede som skal ut den 3. november ja. Me har jo heile tida meint at Stord fortener eit ordentleg Biltema-varehus.

Han fotel at det i dag kom ein busslast med folk frå Haugesund. Dei vil bruke veka på å fylle opp det 3500 kvadratmeter store varehuset, som altså vil stå klar for opning på laurdag.

- Annonse -