- Annonse -

Korleis skan me få fleire til å bruke Leirvik sentrum? Stord24 vil i samarbeid med Stord kommune arrangere eit dialogmøte der føremålet er å skape meir liv i byen vår.

Velkommen til dialogmøte om byutvikling i Leirvik sentrum torsdag 3. mai klokka 18!

Som ein del av Folkehelsedagane vil Stord24 og Stord kommune setje fokus på byutvikling i Leirvik sentrum gjennom eit dialogmøte som vil føregå i revyteltet på Torget.

Målet med dialogmøtet er å kome fram til mest mogleg konkrete og gjennomførbare idear for korleis Leirvik sentrum kan bli ein meir attraktiv stad å vere, for folk i alle aldre.

Ordførar Gaute Straume Epland vil introdusere arrangementet. Det vil så bli korte presentasjonar frå repsentantar frå ulike brukargrupper i Leirvik sentrum, som vil fortelje kva sentrumstiltak som er viktige for dei.

Deretter vil det bli panelsamtale, leia av Stord24. Deltakarane er:

- Annonse -
  • Liv Kari Eskeland, arkitekt og stortingsrepresentant
  • Lovise Vestbøstad, kommunalsjef i Stord kommune
  • Thore Liverød, investor og utbyggjar i Leirvik sentrum
  • Arnhild Myklebust, dagleg leiar i Brilleriet og næringsdrivande i Leirvik sentrum
  • Oddvar Hårde, dagleg leiar i Zpirit
- Annonse -
- Annonse -

Det vert opna for og oppmoda til spørsmål frå salen.

Her er lenke til arrangementet på Facebook. Arrangementet er gratis.

Vel møtt, og ta med deg ein ven!

- Annonse -