"I slik ei natt" vert avlyst grunna virusutbrotet og føringane frå regjeringa som forbyr arrangement med fleire enn 500 personar. Foto: Finn Bakke
- Annonse -

Dei prøvde først å flytte framsyninga frå juni til august, men måtte til slutt avlyse.

– Det er tungt å melde at Mostraspelet 2020, «I slik ei natt», blir avlyst. Me gjorde først eit forsøk på å flytte framsyninga frå juni til august, men etter at regjeringa forlenga forbodet mot arrangement over 500 til 1. september, kan me ikkje avvikle årets spel.

– Dette er sjølvsagt svært beklageleg, og ei krevjande avgjersle å ta, skriv dagleg leiar i Bømlo Teater, Øystein Kausrud i ei pressemelding onsdag.

Dei skriv vidare at situasjonen er ute av deira kontroll, men at dei sjølvsagt innrettar seg etter føringane for å hindre smittespreiing.

– Me vil takke alle aktørar, produksjonen og støttespelarar for forståing og positiv innstilling i denne prosessen.

Kausrud er tydeleg på at dei vil kome sterkt tilbake med andre framsyningar og produksjonar framover, så snart det er høve til det.

– Me gler oss til me kan samlast igjen, både aktørar og publikum, og skape gode opplevingar saman etter denne utfordrande perioden. 

Refusjon av billettar vert gjort automatisk frå bomlo.net. Dersom ein har spørsmål vedrørande billettar, kan ein ta kontakt på post@bydgatunet.no.

- Annonse -