Kari Stai er ein prisvinnande illustratør og forfattar frå Inderøy i Nord-Trøndelag.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bildebøker vil vere tem for årets nynorske barnebokfestival, og illustratør Kari Stai er valt ut til å setje eit ekstra preg på festivalen.

Allereie no, åtte månadar før festivalen Falturiltu går av stabelen på Stord i november, har festivalleiinga bestemt kva som skal vere den raude tråden for årets festival.

Som alltid vert det invitert ein eigen festivalforfattar, som kan setje ekstra preg på barnebokfestivalen. I år er det Kari Stai frå Inerøy i Nord-Trøndelag som får denne æra.

Kari Stai er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til ei lang rekke språk og er blitt både animasjonsfilm og teater, skriv Falturiltu-festivalen i ei melding.

Tema i 2018 blir bildebøker, og mottoet for årets festival blir Ord + bilde = sant.

Falturiltu-festivalen vil offisielt presentere festivalforfattaren i Trondheim, 21. mars.

- Annonse -

– Falturiltu er blitt ein nasjonal festival for nynorsk barnelitteratur, og for å markera dette har dei valt å sleppa årets festivalforfattar, Kari Stai, i samarbeid med Litteraturhuset i Trondheim, 21. mars, melder festivalen.

I fjor var det Per Olav Kaldestad som var festivalforfattaren.

- Annonse -