Midt i undervisninga blei Are overraska av TV-teamet frå Norge Rundt. Foto: NRK
- Annonse -

Midt i undervisninga banka eit TV-team på klasseromsdøra på Nysæter ungdomsskule og utfordra Are Almås til å vere programleiar i Norge Rundt.

– Arbeidsveka er for nokon starten på ein framtidig yrkeskarriere. Når me fann ut at me skulle få ein elev på besøk til oss, då tenkte me at då må me gjere det skikkeleg, seier Norge Rundt-programleiar Kristin Olsen i innleiinga til fredagens program.

Ho står utanfor Nysæter ungdomsskule og går inn i klasserommet der ho skal overraska Are.

– Han skal vere programleiar denne veka, men han veit det ikkje sjølv enno.

Programleiaren bankar så på klasseromsdøra på Nysæter og spør kven Are er. 14-åringen blir tydeleg overraska når han får vite at han skal vere programleiar.

Resten av programmet får stordabuen brynt seg framføre kamera. Han får mellom anna laga eit innslag om ein klassekamerat som har arbeidsveke hos ein røyrleggar på Bømlo.

- Annonse -

– Eg sat vel og måpte heile dagen

Og for dei som lurar på om det ein ser på TV er ekte, så kan Are stadfeste at han ikkje visste noko på førehand.

– Eg fekk vite det der og då i klasserommet, så det var ikkje ei rigga setting. Eg blei jo litt sjokka.

– Kva tenkte du då?

– Eg tenkte først «skitt!» – draumar eg no? Så skjønte eg at dette var på ekte, og då eg fekk spørsmålet blei det jo for dumt å seie nei. Eg sat vel og måpte resten av dagen, seier Are, som for øvrig er veslebroren til hundekøyrar Tuva Almås.

Programleiar Kristin Olsen drillar Are i intervjuteknikk. Foto: NRK

Hagla inn med snaps og meldingar

At 14-årigen valte å søkje sommarjobb i Norge Rundt var ikkje heilt tilfeldig. Onkelen hans, Trond Baugstø frå Fitjar, jobbar nemleg i redaksjonen.

– Eg har alltid vore interessert i media og korleis TV-produksjonar fungerer. Eg ville eigentleg berre utforske det og sjå korleis dei gjorde det. Då fann eg ut at den lettaste måten var å søkje arbeidsveke.

Etter at han debuterte på riksdekkande fjernsyn i beste «prime time» på fredag, har det ikkje mangla på tilbakemeldingar.

– Medan episoden gjekk så hagla det inn med snaps og meldingar. Alt mogleg. I etterkant har folk sagt hei til meg på butikken og i dag då eg var i kyrkja på konfirmasjonsundervisning.

– Korleis synest du sjølv du klarte deg på TV?

– Eg synest det gjekk veldig bra. Det var veldig kjekt å sjå korleis dei jobbar, og å intervjue folk og vere på TV.

14-åringen frå Almås er ikkje i tvil om at det å jobbe i media gav meirsmak.

– Eg tek nok sikte på å jobbe med noko innan media. I morgon skal eg faktisk på hospitering på media- og kommunikasjonslinja på Stord vidaregåande. Så dette er noko eg har lyst til å halde på med. Så får me sjå om eg hamnar på TV igjen.

- Annonse -