Foto: Leirvik AS
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vart frakta til sjukehus etter å ha fått ein gjenstand over foten.

Klokka 9 tysdag morgon fekk politiet melding om at det var skjedd ei arbeidsulukke på Leirvik AS.

I følgje politiet har ein tilsett, ein mann i 30-åra, fått ein gjenstand over foten. Han var medviten etter ulukka, og klaga over smerter i foten.

Den tilsette vart tilsett av helsepersonell på staden, og vart sendt til Stord sjukehus.

Politiet skriv at dei er i kontakt med andre tilsette og føretek undersøkingar på staden.

Fekk brotskade

Administrerande direktør i Leirvik, Helge Gjøsæter, opplyser på telefon frå Dubai at mannen fekk konstatert brot i ei fot.

- Annonse -

– Eg har blitt rapportert om hendinga der ein operatør i produksjon har blitt frakta til sjukehus. Det er blitt konstatert brot i ein fot. Det er det som er status per no, seier Gjøsæter.

– Eg kjenner ikkje meir til kva som har skjedd. Politiet går no gjennom hendinga saman med leiargruppa hos oss. Dette ser heldigvis ut som har gått bra.

Polsk arbeidar

Lensmann i Stord, Roald Raunholm, fortel at det var ein polsk arbeidar som blei skada.

– Me har vore ute med patrulje som har oppretta sak på dette. Det er ikkje ei alvorleg personskade, men det er snakk om brotskade i fot. Dette er ein arbeidar som er i 30-åra og som er polsk av nasjonalitet.

– Patruljen vår har gjort åstadsundersøkingar og fått vitneforklaringar. Det er snakk om noko tungt som skulle flyttast frå A til B, og så har det ikkje gått heilt etter planen. Dette vil få sin etterforsking hos oss vidare, seier Raunholm.

- Annonse -