Foto: HVL
- Annonse -

Ein sivilingeniør ved HVL blei henta med ambulanse ut etter å ha fått straum gjennom kroppen, under arbeidet med eit forsøk for skuleungdom.

Ingeniøren skulle setje opp eit forsøk med høgspent elektrisitet som skulle gjennomførast for skuleungdom.

Episoden skjedde under førebuingane til eit arrangement under Forskningsdagane på Stord, i slutten av september, fortel organisasjonsdirektør Tage Båtsvik i HVL til nettavisa Khrono.

Vart henta i ambulanse

– Han blei slått ut, men ringte sjølv til legevakta og blei frakta til sjukehuset med ambulanse. Han tilbrakte ei natt til overvaking på sjukehuset, me kom frå det utan fysiske skadar, seier Båtsvik.

Ingeniøren kom tilbake på jobb igjen etter eit par dagar.

Båtsvik opplyser at forsøket som skulle utførast omfatta straum med ei spenning på 20.000 volt, men at det er usikkert kor sterk straum mannen blei utsett for.

- Annonse -

– Det gjekk heldigvis bra, men kunne ha gått mykje verre.

Mistenker kortslutning

Teorien til Høgskulen er at årsaka til ulukka er kortslutning i det elektriske utstyret som skulle brukast.

Arbeidstilsynet har rutinemessig starta tilsyn etter arbeidsulukka.

- Annonse -