Blei frakta til legevakta med ambulanse.
Klokka 14.49 fekk politiet melding om eit arbeidsuhell ved Vabakkjen på Stord.
– Ein mann fall gjennom ein garasje. Pasienten var frakta vekk med ambulanse, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.
Skadeomfanget for personen involvert i uhellet er ukjent, men vedkomande skal ha vore ved medvit då politiet kom til staden.
– Det som er blitt meldt inn er at uhellet ikkje har skjedd i direkte samband med arbeid på staden, men at ein arbeidar har gått inn i ein garasje som er i tilknyting til der dei jobbar, fortel Dag Steinkopf ved operasjonssentralen i Sørvest politidistrikt.
Mannen skal ha falle ned i ein verkstadgrav.
– Han har gått mellom to bubilar som sto parkert, og har falle ned i ein verkstadgrav. Han skal ha falle ca. ein til to meter, fortel Steinkopf.
Han opplyser at det ikkje tyder på at mannen er alvorleg skdada.
– Han er køyrd med ambulanse til legevakta, og det kan vel indikere at han ikkje er alvorleg skada.