- Annonse -

Ein mann i 30-åra er henta av ambulanse etter eit uhell i samband med varmearbeid.

Politiet i Sør-Vest meldte på Twitter klokka 08:07 torsdag morgon at det har vore eit arbeidsuhell på Kværner på Stord. Lokasjonen vart seinare retta til «industriområdet på Eldøyane».

– Éin person brannskada i samband med varmearbeid. Skadeomfang er ukjend, men personen skal vere vaken, skriv politiet.

Irene Ragnhildstveit ved politiets operasjonssentral seier at politi og ambulanse er på staden.

– Kan du seie noko om kva som kan ha skjedd?

– Det er for tidleg å begi seg ut på. Vedkommande er teke med i ambulansen, men eg veit ikkje kvar han vert køyrd, om det er til legevakt eller sjukehus.

- Annonse -

Personen skal ikkje ha framstått som kritisk skadd.

Ifølgje siste Twitter-oppdatering frå Politiet i Sør-Vest er det ikkje klart kva bedrift vedkommande arbeidar ved. Politiet jobbar no med avhøyr og undersøkingar.