Fitjar Mekaniske Verkstad. Foto: Fitjar Mek.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

NAV opplever ei nedgang i arbeidsløysa i alle kommunane i Sunnhordland med unntak av Sveio. Den største nedgangen finn me i Fitjar.

I løpet av det siste året har det blitt 24 færre arbeidsledige personar i Fitjar kommune. Det betyr at arbeidsløysa i Fitjar no berre er på 1,9 prosent, eller 2,4 prosent om ein tek med dei som er på ulike NAV-tiltak.

NAV skriv at bakgrunnen for den positive utviklinga i Fitjar er at det er fleire langtidsledige personar med bakgrunn frå industri no kome i arbeid etter oppsvingen i arbeidsmarknaden.

Også på Stord held den positive trenden i arbeidsmarknaden fram. Det er no 230 ledige i Stord kommune, noko som tilsvarar 2,3 prosent av arbeidsstokken (2,9 % inkludert dei på tiltak).

– Sist arbeidsløysa var lågare enn no, var tilbake i desember 2014 og før nedgangen i olje- og gassnæringa råka vestlandet. Det er gledeleg å sjå, skriv marknadskonsulent Sindre Vikanes i NAV.

- Annonse -

Sunnhordland har framleis ei arbeidsløyse som er under gjennomsnittet for Hordaland.

- Annonse -
- Annonse -

– Me merkar oss at næringslivet i Sunnhordland forventar større investeringar og betre driftsresultat enn for gjennomsnittet i Hordaland. Fleire bedrifter rekrutterer no nye medarbeidarar. Me vonar også at endå fleire av dei utan arbeid får jobb i tida som kjem.

- Annonse -