- Annonse -

Heller enn å bidra til å snakka ned eksisterande industri, må me bruka kreftene våre på ei offensiv satsing på alternative energikjelder, sa Gaute Epland på sin første landsmøtetale i Arbeidarpartiet.

Av: Gaute Epland (Ap),
Ordførar, Stord

Norge har ei stolt industrihistorie der me har klart å utnytta rike naturressursar til å skapa arbeidsplassar og velferd i heile landet.

Eg er ordførar i Stord i Sunnhordland, ein region med industribedrifter som er verdsleiande på sine felt. For oss, som for mange andre regionar, er vidare utvikling av industri avgjerande for sysselsetting og vekst.

Arbeidarpartiet har historisk alltid gått føre i industripolitikken. Me har alltid forstått at verdiar må skapast før dei kan delast. Og me har forstått at utvikling av industri krev aktiv politikk.

Dette er ei arv og ei haldning me som parti må vera endå tydelegare på i tida framover.

- Annonse -
- Annonse -

Det betyr, for det første, at det ikkje må vera tvil om at me vil sikra langsiktige og føreseielege rammevilkår for olje- og gassindustrien. Ei næring som sysselset over 200 000 personar og som er ein berebjelke i velferdssamfunnet vårt.

- Annonse -

Olje- og gassindustrien er ei framtidsnæring som må utviklast, ikkje avviklast. Ikkje bare for å sikra arbeid og velferd her i landet, men og fordi norsk olje og gass er ein del av løysinga på dei globale klimaendringane.

Heller enn å bidra til å snakka ned eksisterande industri, må me bruka kreftene våre på ei offensiv satsing på alternative energikjelder, i tillegg til fangst og lagring av CO2. Studiar på havvind og CCS viser eit potensial for titusenvis av arbeidsplassar i leverandørindustrien. Tilsvarande kan Norge ta ein sentral posisjon i bruk av hydrogen.

Kjære landsmøte, det er behov for å revitalisera Arbeidarpartiet si rolle som vegvisar i industripolitikken. Eg er overbevist om at industripolitikk vil vera svært viktig fram mot valet i 2021, og me må derfor starta eit målretta arbeid allerede no. Moglegheitene er mange, som innan havvind, kraftintensiv industri og marine og maritime næringar.

Arbeidarpartiet må ta initiativ til samarbeid mellom industri, forsking, fagrørsle, politikk og finans for å fanga opp idear og prosjekt som forsking og industri sit på, men som av ulike grunnar ikkje kjem vidare. Samtidig må det greiast ut korleis staten kan bidra meir, og korleis me kan bruka kapitalrikdomen vår til strategiske satsingar.

Offensiv industripolitikk er viktig for Arbeidarpartiet. Det er viktig for landet og velferden vår. Og det er viktig for at me skal kunna skapa for å dela óg i framtida.

- Annonse -