Illustrasjonsfoto: Apply TB
- Annonse -

Dei siste åra har Apply TB gått med millionar i underskot. No satsar dei på betre tider og går tilbake til sitt gamle namn Teknisk Bureau.

I fjor skifta Apply Leirvik namn til Leirvik AS. No er det klart at også serviceverksemda Apply TB skiftar namn, og tek tilbake det tradisjonelle namnet Teknisk Bureau. Dermed er det heilt slutt på Apply-namnet på Stord.

– Dei siste åra har me hatt høg aktivitet, men enkelte vanskelege prosjekt har gjort at økonomien har vore krevjande, seier administrerande direktør Asbjørn Jacobsen i ei pressemelding.

– No har me saman med eigaren vår re-etablert ei robust operasjonell og finansiell plattform, slik at både kundar og samarbeidspartnarar vil møte eit mykje sterkare Teknisk Bureau framover.

I samband med ei større omstrukturering i selskapet, har Apply TB no valt å endre namn til det etablerte selskapsnamnet frå 1893.

Målet er i følgje selskapet å styrke rolla som leiande teknisk totalentreprenør på Vestlandet.

Investerer stort

- Annonse -

– Me er stolte over historia vår og den sterke posisjonen selskapet har på Vestlandet, seier Asbjørn Jacobsen i pressemeldinga.

I 2013 vart selskapet skilt frå Apply-konsernet, men har teke vare på namnet sidan den gong.

Investeringsfondet HitecVision tok i fjor over mesteparten av aksjane i både konsernet og i Apply TB. Planen er å investere 70 millionar kroner i selskapet.

– I kombinasjon med ein sterk organisasjon og med støtte frå ein eigar med erfaring frå å bygge leiande selskap, er Teknisk Bureau godt posisjonert for framtida.

Førte til tap

Resultat før skatt i 2016 viste at dåverande Apply TB gjekk i minus med heile 54,1 millionar kroner. Selskapet leverte også svake resultat i 2015, då med eit underskot på 56,7 millionar kroner.

– Me vaks for raskt på prosjekt knytt til avdelinga i Bergen, og må også bokføre tap på andre prosjekt. Dessutan har marginane vore lågare, uttalte Jacobsen til Stavanger Aftenblad i fjor.

Selskapet har gjennomført fleire store leveransar dei siste åra, blant anna Kunst- og designhøgskulen i Bergen og Revmatismesjukehuset i Haugesund.

I dag har selskapet over 530 tilsette fordelt på Bergen, Haugesund, Stavanger, Bømlo og Stord.

- Annonse -