Fabrikken på Seglneset i Sagvåg har vore i drift i nesten 50 år. Foto: Apply Leirvik
- Annonse -

Fram mot nyttår vil all aktivitet ved Apply Leirvik sitt prefabrikasjonsanlegg på Seglneset i Sagvåg bli flytta til hovudanlegget i Aslaksvikjo.

Apply skriv i ei melding at bakgrunnen for flyttinga er at behovet for samlokalisering og tilpassing av fabrikasjonen til framtidige prosjekt.

– Samlokaliseringa vil bidra til ein meir framtidsretta, effektiv og kostnadssparande drift, seier Helge Gjøsæter, administrerande direktør i Apply Leirvik.

Tankskip

Det var heilt tilbake i 1965 at Leirvik Sveis overtok anlegget på Seglneset. Bakgrunnen for overtakinga den gongen var behovet for ein utristningsverkstad for båtskrog. På 70-talet var Stord Verft ein viktig oppdragsgivar for  Seglneset, der det vart leveranse av leidere og rekkverk til tankskip.

Etter kvart, då Leirvik Sveis utvikla seg til å bli ein leiande leverandør av offshore-bustadkvarter, blei Seglneset brukt som prefabrikasjonsverkstad.

- Annonse -

Viktig i nyare tid

Seinast i 2016 var Seglneset ein viktig avdeling for fabrikasjonen av Johan Sverdrup-prosjektet.

– Her har Seglneset vore ein viktig bidragsytar og skal ha ein stor del av æra for suksessen så langt. Avdelinga har vore eit eksempel til etterfølging både når det gjeld orden, ryddigheit og kvalitet på arbeidet som vert levert.

På det meste var det rundt 50 tilsette knytt til avdelinga Seglneset. I dag er det ikkje meir enn rundt 15 tilsette igjen. Dei vil no jobbe vidare som eit eige team ved hovudkvarteret i Aslaksvikjo.

- Annonse -