Reinert Svanberg i Stord Frp. Foto: privat/Vis-avis arkitekter
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Det siste me burde gjere om me dreiv med rein og kynisk symbolpolitikk var å gå inn for tiltak som kan forsinka skulen.

Av: Reinert Svanberg,
Stord Frp

Dette er fjerde innlegg i debatten om Nysæter ungdomsskule. Les første innlegg av Marita Vassnes (Ap), andre innlegg av Sigbjørn Framnes (Frp) og tredje innlegg av Vassnes.

Eg kan ikkje sjå at Sigbjørn har kalla dette desperasjon frå Ap si side. Det har eg gjort, og eg står for det.

Å undergrave argumenta dine er jo det ein skal gjere i eit motinnlegg, og for meg ser det ut til at Framnes demolerer dine. Du får svare på argumenta, ikkje med å tre inn martyrrolla. Når det gjeld andre hersketeknikkar:

1. Usynleggjering. Mi personlege erfaring er at Stord AP ikkje har for vane å svare innbyggjarane, iallefall ikkje i lesarbrevs form. Men no er det val, så då er ein på hogget! I tillegg ventar eg på eit svar på svaret eg sendte til ditt lesarinnlegg, der du angreip meg personleg. Kva tid kjem svaret?

- Annonse -
- Annonse -

2. Latterleggjering, jau. Du villeier, for ikkje sei lyg, om kva Stord FrP sin plan er for skulen, og latterleggjer det.

- Annonse -

3. Tilbakehald av informasjon. Det ordføraren gjer i forbindelse med skulesaka, ved å nekte å orientere formannskapet.

4. Fordømming, uansett kva ein gjer. Me har gått inn for midlertidig skule i brakkerigg frå påske av, det blir fordømt som ein plan for utsetting. Me går inn for å finne ut kva konsekvensen av å byrje på nytt med totalentreprise er. Me har ikkje sagt at me vil kansellere uansett kost og tidsbruk. Men for oss er resultatet viktigare enn tidsbruken, dersom det er sannsynleg at me får ein relativt sett mykje betre løysing innanfor eller nærare den økonomiske ramma. Det blir fordømt.

Dette blir ikkje til symbolpolitikk, sjølv om du ikkje er einig i den. Det siste me burde gjere om me dreiv med rein og kynisk symbolpolitikk var å gå inn for tiltak som kan forsinka skulen. Men me meinar det me seier. Så får velgarane finne ut kven som er truverdig.

Når du uroar deg for nye høyringsrundar og innspelsrundar må du gjerne det. Mitt inntrykk er at dei som kan mest om dette (i Solid) ikkje blir tatt på alvor, og ikkje blir tatt med på råd. Så kanskje ein skulle begynt med det.

Til sist, kven skal han stile lesarbrevet til, om ikkje til ho som har ført det i penna?

- Annonse -