Klubbleiar Richard Storevik i Leirvik AS. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg hadde veldig lyst til å gå på val for Stord Ap. Eg hadde sett frykteleg fram til det. Men eg kan ikkje stå bak ein politikk som eg ikkje kan stå for, seier Richard Storevik.

– Utmeldinga ligg i utboksen. Endrar landsmøtet oljekompromisset, trykkjer jeg på «send», sa nestleiar i Fellesforbundet på Sunnhordland/Stord og klubbleiar i Leirvik AS, Rickard Storevik, til Klassekampen på fredag.

Det gjekk slik klubbleiaren frykta. Arbeidarpartiet vedtok laurdag på landsmøtet å ikkje lenger gå inn for konsekvensutgreiing av oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og Senja. Dermed går partiet tilbake på kompromisset frå i fjor.

Og Storevik, som står på Stord Ap si valliste før haustens kommunestyreval, er ein mann av sitt ord.

– Det skal eg love meg at eg er. Eg kjem til å melde meg ut av Ap. Dette er ikkje noko lett avgjersle. Eg hadde veldig lyst til å gå på val for Stord Ap. Eg hadde sett frykteleg fram til det. Men eg kan ikkje stå bak ein politikk som eg ikkje kan stå for.

Storevik kjem samtidig med kraftig ros til Stord Ap, og måten dei har kjempa oljenæringa sin kamp i forkant av landsmøtet.

– Eg veit at Stord Ap kjempar for industrien. Så lokallaget skal ha all honnør. Partiet berre lider av topptung og misforstått politikk. Det er ein politikk som kjem overfrå og ned.

- Annonse -

– Kvifor er denne saka så viktig for det at du melder deg ut av Ap?

– For det første handlar det om å gi ein bestilling og stå for det ein sa. Eg gjekk på val og sa ja til å engasjere meg meir fordi dette var eit kompromiss eg kunne stille meg bak. Og eg er ein person som hatar å gå tilbake på ordet mitt.

– For det andre handlar dette om den grøne omstillinga og kva slags signal ein gir til industrien. Støttar ein ved dette vedtaket opp under og gir den roen som marknaden treng for å snu dette tankskipet? Alle verfta jobbar knallhardt med omstilling. Dette blir som å spenne oss i leggen.

– For det tredje handlar dette om at eg er nødt til å stå skulerett på verftet å forsvare ein politikk. Det kan eg ikkje no lenger.

Storevik tek med dette ein pause frå politisk arbeid. Han avviser at det er aktuelt å melde seg inn i eit anna parti som støttar oljeleiting i Lofoten.

– Det finst ingen andre alternativ for meg enn Arbeidarpartiet. Hjartet mitt vil alltid vere med dei, men medlemskapen min får dei ikkje.

- Annonse -