Reinert Svanberg i Stord Frp. Foto: privat/Vis-avis arkitekter
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Det er truleg at den nye skulen no blir til ein lite framtidsretta skule, med få av dei kvalitetane ein tinga. Dette er eit svik mot breiddeidretten, mot kulturlivet og mot elevane i heile kommunen.

Av: Reinert Svanberg,
Stord Frp

Eg fekk eit håp når eg såg AP-representanten Vassnes snakke med innleving og patos om kor utruleg viktig ny Nysæter Ungdomsskule er for ho personleg, og for Stord Arbeidarparti i gårsdagens kommunestyremøte.

Med det i bakhovudet er resultatet av kommunestyremøtet uforståeleg – og håpet slukka. Ap og Sp sender no nyeskulen til radbrekking. Dei veit godt kva resultatet vert. Eit utarma, blodfattig prestisjeprosjekt, som no kan bli både dyrt – og dårleg. Om representanten meinte alvor med sitt engasjement burde ho stemt mot eige parti. Omsynet til eigen standing i partiet går openbart føre kvaliteten på og resultatet av prosjektet som ho har vore tungt involvert i. Det reknar eg med velgarane i Stord merkar seg.

Det er og uforståeleg at ordførar Epland og varaordførar Bjelland ikkje utfordrar rådmannen på mellombels skule. Koalisjona bryr seg lite om elevar og tilsette, som enkelt ville fått tenlege lokale i august, men må no truleg vente til årsskiftet. 4 månader til i mugg og soppbefengte lokale – heilt utan grunn! Det er særs spesielt at ein ikkje ynskjer å redusere tida tilsette og ungdom vert utsatt for openbar helserisiko. Eg får meldingar om ungdom som dagleg  kjem heim utslitte og med vondt i hovudet. Ventilasjon og inneklima er under ein kvar kritikk på grunn av fukt, fuktskader, mugg og eit dårleg og øydelagt ventilasjonsanlegg.

Ei plassering av mellombels skule ved Solidbana er slik at den ikkje vil kome i konflikt med ny skule. At ein anbods- og byggeprosess for modulbygg treng å ta meir enn 6 månader er rein villeiing.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det ansvarlege ville vore å gått ut og fått ein totalentreprise på eit nytt prosjekt. Delar av skulen er kostbar, og administrasjona tar i tillegg med kostnadar dei i andre tilfelle ikkje har tatt med. Dette ser ut som eit forsøk på å få prosjektet til å sjå dyrare ut enn det er – eller treng å vera. Eg kan berre spekulere, men det ser ut som ein planlegg å få gjennomført prosjektet i tråd med det administrasjonen ynskjer – mot politiske ynskje, mot brukarane sine ynskjer og mot Stordsamfunnet si interesse. At koalisjona ikkje reagerer, men tvert om lograr for slikt spel er forkasteleg.

Det er truleg at den nye skulen no blir til ein lite framtidsretta skule, med få av dei kvalitetane ein tinga. Dette er eit svik mot breiddeidretten, mot kulturlivet og mot elevane i heile kommunen. For alle ville vore tent med eit skikkeleg, framtidsretta og godt anlegg på Nysæter, ikkje berre Sagvågsbuen.

Håpet om det er no forsvinnande lite.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -