Magne Rommetveit vedgår at resultatet frå meiningsmålinga er alt for dårleg. Her er han saman med partileiar Jonas Gahr Støre i førre veke. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

I følgje ei fersk meiningsmåling har Arbeiderpartiet mista statusen som største parti i Hordaland for første gong på to år.

Det er Respons analyse som har gjennomført den ferske meiningsmålinga på vegner av Bergens Tidende. Her går kjem det fram at Arbeidarpartiet held fram med sin negative trend frå i fjor haust, og viser no ein oppslutning på fattige 24,2 prosent. Det er 3,6 prosentpoeng mindre enn ved førre stortingsval.

Dersom dette skulle bli resultatet ved Stortingsvalet til hausten vil Ap miste eitt av mandata sine. Det er tidlegare fagforeiningsleiar Leif Sande som no altså risikerer å miste sjansen til å kome på tinget for første gong.

– Ikkje godt nok

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit vedgår at dette vil vere eit alt for dårleg resultat for Ap i Hordaland.

– Dette var ikkje så bra. Eg ser at me må drive valkamp i heile fylket, og få fram politikken vår. Dette er ikkje godt nok for vår del. Målet er fem mandatar, seier Rommetveit til BT.

- Annonse -

Samtidig er det Framstegspartiet som opplever størst vekst. Dei går fram heile 4,6 prosentpoeng i høve førre stortingsval, og landar no på 17,2 prosent oppslutning.

Eskeland inne

Når det gjeld Høgre så står ligg dei stabilt på same resultat for fire år sidan, og er største partiet i Hordaland med 27,1 prosent oppslutning. Skulle dette bli resultatet til hausten vil Liv Kari Eskeland vere sikra plass på tinget.

Senterpartiet gjer det også dårleg i Hordaland, trass i at partiet skårar høgt på meiningsmålingar elles i landet. Dei får 7,5 prosent oppslutning i meiningsmålinga, ein tilbakegong på 2,8 prosent i høve resultatet ved stortingsvalet i 2013.

- Annonse -