Nyvalt leiar Katrin Innvær Ankervold takkar av tidlegare leiar Henny Førland Berger. Foto: Stord Ap
- Annonse -

Årsmøtet til Stord Arbeidarparti valde i går Katrin Innvær Ankervold som ny lokalagsleiar.

– Eg synest det er veldig hyggeleg å få denne tilliten. Eg ser veldig fram til å jobbe for Ap på Stord, seier Katrin Innvær Ankervold.

Ho tek over leiarvervet etter Henny Førland Berger, som har vore leiar i ei årrekkje. Ankervold fortel at partiet er i vekst på Stord.

Positiv utvikling

– Me har hatt ein positiv medlemsvekst på Stord det siste åra, med åtte prosent fleire medlemmar. Me er i ein veldig positiv utvikling. No har me jobba fram eit godt lag med fleire nye som kjem inn i styret.

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit overrekte blomar til avtroppande lokallagsleiar Henny Førland Berger. Foto: Stord Ap

Leiar i fagforbundet på Stord, Per Jarle Valvatne blei valt til ny nestleiar i lokallaget. Dermed har både leiaren og nestleiaren i lokallaget leiarverv frå fagrørsla. Ankervold er i dag leiar for Utdanningsforbundet på Fitjar.

– Å ha tette og gode forhold til fagrørsla er jo ein ting som Ap er kjend for, så eg vonar me kan vidareføre dette i Stord Ap.

- Annonse -

Marita Vassnes og Bente Bjelland er også nye fjes i styret. Elles held ordførar Gaute Epland, Henny Førland Berger og Hans Martin Haavik fram i styret.

Snart ny valkamp

Med berre halvanna år igjen til neste kommuneval blir det ei viktig oppgåve for Ankervold å planlegge valkampen.

– No blir det viktig for oss å sikre oss gode kandidatar til kommunestyret, og me har ein fantastisk flink ordførar som eg ser fram til å jobbe med i valkampen.

Ankervold har i dag ikkje politiske verv på Stord, men er aktiv som fylkespolitikar. I 2016 skapte ho overskrifter då ho nekta å følgje partiet si linje når den vidaregåande skulen på Rubbestadneset var føreslått nedlagt. Det førte til at ho var nær ved å bli ekskludert frå Ap-gruppa på fylkestinget.

- Annonse -