Bistandsadvokaten til jenta, Sigrid Andersen Cabot og aktor Henriette Kvinnsland frå rettssaka i Sunnhordland tingrett tidlegare i år. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i 50-åra som er dømt for overgrep mot si eiga dotter fekk eit halvt år strengare straff i Gulating lagmannsrett.

I vår vart mannen som bur i ein kommune i Sunnhordland dømt til fire års fengsel i Sunnhordland tingrett for å ha utført gjentekne seksuelle overgrep mot si eiga dotter då ho var yngre enn 10 år gammal.

Det var etter at jenta hadde skrive ein skulestil om ein far som hadde forgripe seg mot si eiga dotter at den alvorlege overgrepssaka vart kjend.

Mannen erkjente ikkje straffskuld, og anka dommen til lagmannsretten. Rettssaka gjekk over tre dagar i førre veke. Ankeinstansen kom fram til å skjerpe inn straffa til mannen, til fire og eit halvt års fengsel. Det skriv Sunnhordland.

Avisa skriv at lagmannsretten legg i skjerpande retning til grunn at mannen er tidlegare domfelt for fleire valdtekter og seksuell omgang med born under 14 år.

- Annonse -

I likeins med Sunnhordland tingrett skriv lagmannsretten at at overgrepa mot dottera represeterer eit grovt tillitsbrot.

- Annonse -
- Annonse -

Lagmannsretten valde elles å halda oppe punkta om oppreisinga til dottera på 200.000 kroner.

- Annonse -