Winns skal levere kjøleanlegg for Johan Castberg-skipet, som skal byggast på Kværner Stord. Teikning: Statoil
- Annonse -

Morten Nystrøm i Nordea Markets trur det er stort sannsyn for at Kværner på Stord får tildelt Johan Castberg-kontraktar til verdiar på godt over 5 milliardar kroner.

Rundt månadsskiftet vil Statoil tildele storkontrakten som mange no går rundt og ventar på: bygginga og samanstillinga av plattformdekket til Johan Castberg-utbygginga.

– Eg trur det er stort sannsyn for at både bygginga av plattformdekket og samanstillingskontrakten går til ein norsk spelar. Då er det typisk Kværner og Aibel som kjempar om desse kontraktane, seier analytikar Morten Nystrøm i Nordea Markets til Stord24.

Senioranalytikar Morten Nystrøm i Nordea Markets.

Kværner sin tur

Av desse to trur analytikaren at Kværner trekk det lengste strået.

– Eg trur det har vore ein brei push og eit veldig høgt fokus i heile Aker-systemer rundt Johan Castberg. Aker Solution har fått sin del, så då trur eg Kværner no stikk av med topsiden. Eg trur Kværner har posisjonert seg veldig for å få begge desse kontraktane.

Nystrøm trekkjer fram at Aibel rett før jul sikra seg ein viktig kontrakt og at det difor er Kværner sin tur no.

- Annonse -

– Aibel fekk jo Snorre Expansion for Statoil, som hadde ein veldig høg verdi, og då er det naturleg at Kværner for Johan Castberg. Eg tolkar dette som positivt for Kværner.

– Kor stor vil denne kontrakten vil vere?

– Den vil nok ligge på godt over 5 milliardar kroner.

– Viktig for Stord

Dersom analytikaren får rett vil Kværner dermed lande ein endå større kontrakt enn fjorårets jubelkontrakt for oppgraderinga av Njord-plattforma, som hadde ei verdi på fem milliardar kroner.

– Det er veldig viktig for Kværner å få denne kontrakten med tanke på å halde oppe den høge aktiviteten på Stord, seier Nystrøm.

Sjølv om Johan Castberg-kontrakten skulle glippe for Kværner peiker Nystrøm på at konsernet får ein ny sjanse til ein annan storkontrakt allereie til sommaren.

– Det kjem fleire prosjekt utover, og Statoil vil jo no køyre fire tildelingar på Johan Sverdrup fase to, og då er Kværner i god posisjon for jacketen som skal leverast. Eg tippar denne kontrakten, som kjem til sommaren, kjem til å ligge på rundt 1,5 milliardar.

Klubbleiar Amram Hadida. Foto: Aker Solutions

Store forventningar

Klubbleiar ved Kværner på Stord, Amram Hadida håper på at dei landar gigantkontrakten.

– Det er selvfølgelig store forventningar til at me får denne. Denne kontrakten er så stor at den betyr mykje for sysselsettinga, og me treng meir arbeid etter Johan Sverdrup som skal ut til neste år og Njord som skal ut i 2020.

– Me har lagt så mykje arbeid ned i effektivisering og kutt av kostnadar at me bør vere konkurransedyktige i høve denne kontrakten. Det er ikkje mange slike store kontraktar i denne kategorien i næraste framtid. Me kryssar fingrane.

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, er heilt taus når det gjeld alle spørsmål om tildelinga av Johan Castberg-kontrakten.

– Eg kan diverre ikkje seie noko om dette. Me pleier ikkje å kommentere kva me byr på og ikkje.

Johan Castberg-feltet vil bli bygd ut med eit oppankra produksjonsskip og ei omfattande subseautbygging. Produksjonsskipet blir en såkalla FPSO+. Forventa utvinnbare ressursar er anslått til 450—650 millionar fat oljeekvivalenter.

- Annonse -