Hunden Amy (1,5), ein staffordshire bull terrier, har vore sakna sidan torsdag morgon. Foto: privat
- Annonse -

Cathrine Folgerø ber om hjelp etter at hunden hennar forsvann då ho gjekk tur nord for Rutle onsdag føremiddag.

– Me har leita heilt sidan i morges. Det er heilt grusomt, fortel Stord-kvinna.

Det var i 9.30-tida torsdag at hunden Amy, ein staffordshire bull terrier på halvtanna år, plutseleg forsvann.

– Me gjekk tur oppe ved Petterteigvatnet nord for Rutle. Me har to hundar og her får dei springa laust, og hadde augekontakt med begge to. Plutseleg var den eine sporlaust vekke. Det var ingen spor, ingen lyd og ingen rørsler.

Har leita heile dagen

Det var eit sjokk for familien at hunden plutseleg skulle finne på å stikke av.

– Ho har aldri sprunge vekk frå oss nokon gong, og ho er livredd for å vera aleine. Ho elskar folk. Eg tenkte på om ein ørn kunne ha teke ho, men ho er 15 kilo. Då hadde nok nokon sett ho fera.

- Annonse -
Amy veg 15 kilo og har chip rundt halsen. Foto: privat

Heile dagen har Sagvåg-familien vore ute og sett etter hunden, og dei har fått mykje hjelp frå folk.

– Det er masse folk som har hjelpt oss. Me har også fått hjelp av ein sporhund frå Raude Kors. Det er framleis folk der ute. Me har lagt ut eit bur med teppe og nokre godbitar.

– Heilt forferdeleg

Folgerø fortel at dei hadde håpa i det lengste å finne Amy før mørket kom. No fryktar ho for kulda gjennom natta.

– Ho har pels, men frys veldig lett. Lars Slettebø (veterinær, journ.mrk) seier at det kan gå bra og at ho kan finna vegen heim, men eg har nok mine tvil.

Folgerø seier at heile familien er svært fortvilte over situasjonen.

– Det er heilt forferdeleg. Ungane hylgrin og vil ikkje gå på skulen i morgon. Nokon vil kanskje seia at ‘det er berre ein hund’. Ja, men det er også eit familiemedlem, seier ho.

No ber ho om hjelp frå dei som kan.

– Er det nokon som kan bidra så er dei hjarteleg velkomne. Ellers ber eg alle i nærområde å ha auga opne i skog og mark samt langs vegen, seier Folgerø, som fortel at hunden er chippa, men har ikkje har namn på halsbandet.

Har du sett noko teikn til Amy? Då kan du ta kontakt med Cathrine på tlf. 90 58 90 60.