Kart: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 75 år gammal mann er frakta med luftambulanse til Haukeland etter at båten han køyrde gjekk på grunna ved Ålforo i Fitjar.

Det var den cruisebåten «Sea Cruise», tilhøyrande Nils Agasøster Båtservice på Bømlo som gjekk på grunn på øya Ålforo i Fitjar søndag ettermiddag. Det var berre éin person om bord i båten under grunnstøtinga, skriv Haugesunds Avis.

Eit Sea King-helikopter, luftambulanse og kystvakt kom til staden, men blei raskt varsla tilbake då det vart kjend at det berre var ein person om bord i den 20 meter lange båten.

Etter grunnstøttinga har det leke ut noko olje og diesel.

- Annonse -

– Utfordringa no er at båten tek inn vatn og lek diesel og olje. Det er ein relativt avgrensa lekkasje, men kystvakt og lokalt brannvesen er på veg med oljelenser og det oljevernutstyret dei har lokalt, seier operasjonsleiar Tore Frøyland Jensen ved Sør-Vest politidistrikt til Haugesunds Avis.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -