LESARBREV: Det er ikkje uvanleg å oppleva at ein manglar fotballspelarar som ynskjer å vera keeper. Med denne felles kjennsgjerninga kom dette gode initiativet i regi av AlleMe i gong
Av: Merethe Framnes Steinsbø, IL Trott
Den 19. og 20. januar var barne- og ungdomsfotballtrenarar frå Solid, Trott og Stord samla til første del av eit AlleMe prosjekt som har fokus på auka keepertrenarkompetansen i dei ulike klubbane.
Det er eit paradoks at keeperen, ein viktig spelar på bana, ofte er den som får minst spesifikk treningsrettleiing i høve til den spesielle rolla det er. Det botnar ofte i at trenarane for eit lag kan henda har vore utespelarar sjølv og at ein ikkje i klubben har ei systematisk opplegg eller kultur for å ivareta keeperen på best mogleg måte.
Det er ikkje uvanleg å oppleva at ein manglar fotballspelarar som ynskjer å vera keeper. Med denne felles kjennsgjerninga kom dette gode initiativet i regi av AlleMe i gong. Det er planlagt to samlingar til framover mot sommaren 2023.
Først ut som kursleiar var ingen ringare enn tidlegare Sandviken-keeper, Eline Barsnes, som no er tilsett som klubbutviklar i NFF Hordaland. Dagen etter fekk me kyndig rettleiing av Keepertrenar i Brann og leiar av Bergen Keeperskole, Dan Risnes. Med fin vekselverknad mellom teori og praksis på feltet, fekk me som barnefotballtrenarar, konkret rettleiing i korleis ein kan og bør øve opp keeper sine basisdugleikar i form av både oppvarming, gripe- og fallteknikk og rørslemønster, for å nemna noko.
Ikkje minst var det fokus og refleksjon i høve til korleis ein løftar fram haldningar til keeperen i garderoba både før kamp og etter kamp.
Takka vera tre modige og dyktige målvakter frå Solid og Trott som fungerte som markørar med Dan Risnes om rettleiar, vart dette to lærerike kveldar for deltakande trenarar.
Til tross for iskaldt og knallhardt underlag denne vinterkvelden i januar, var det ingenting å seie verken på innsatsen eller dugleikane til Nora Sofie Koppang J13 Solid, Maurycy Reksc, G14 Solid og Jennie Wongma, J15 Trott. Alle tre på bilete under (i rekkefølge frå venstre).